I gamle Fjotland kommune var det 53 ulike gardsnummer, på kvar gard var det fleire bruk. Desse 53 namna er omtala nedanfor. Her finn du ein kort omtale av namn og gard og lenke til kartverk. Gardane frå 50-53 blei overført frå Tonstad herad tidleg på 1900-talet, det er Salmeli, Solhom, Knabeneset og Homstøl. 

Narvestad (1)

Narvestad ligg i Vesterdalen på begge sidar av Kvina. Dette er den garden som ligg lengst sør i Vesterdalen i Fjotland. I 1594, 1600 og 1619 vart garden skriven Narffuestad. I 1612 er det blitt til Nerffuestad, så i 1668 er det skriven Norvestad, mens i 1723 vart det...

Helle (2)

02 Helle Helle ligg i Vesterdalen på austsida av Kvina, aust for Nedre Kvinlaug. I 1594 vart garden skriven Hillde, i 1612 Helle, medan i 1619, 1668 og 1723 vart det til Helde. Johan Jerstad kasta framm den at Helle var eit hovdingsete. Bygda heitte Helle manntal i...

Nedre Kvinlaug (3)

Nedre Kvinlaug ligg i Vesterdalen på vestsida av Kvina, vest for Helle og ca 5-6 km sør for Øvre Kvinlaug. I 1594 vart garden skriven Quinnelog, i 1600 Quinnelogh, Quindelog 1612 og 1619. I 1668 Nedre Quindeloeg og Nedre Qvindeloug i 1723. Lars Rodduson er den første...

Spikkeland (4)

Spikkeland ligg vest for Nedre Kvinlaug. Garden er nemnd som Spincheland i 1668 og Spicheland i 1723. Spikkeland var øydegard under Nedre Kvinlaug og første brukar som er nemnd er Torkjell (nemnd 1645). Han skal ha vore leiglending under Tron Hoskuldson på Nedre...

Risøyne (5)

Risøyna ligg på ei øy i Kvina mellom Nedre Kvinlaug og Engdal. Garden er nemnd som Riisøen i 1668 og 1723. Garden er komen frå Nedre Kvinlaug. Første eigar som er nemnd er Sigbjørn Tormodsen Helle (nemnd 1647-51). Den kjende rosemålaren Tore Asbjørnsen...

Homme (6)

Garden ligg aust for Helle og Engedal, ikkje langt frå Aamland, Øvre. Den er nemnd som Hommen i 1668 og 1723. Garden er komen frå Aamland og blei folka i 1643. Homme og Aamland hadde bumark saman til 1803. Gardsnamnet Homme finn ein berre i Agder-fylka og Telemark....

Aamland, Øvre (7)

Aamland ligg på heia mellom Austerdalen og Vesterdalen, ikkje langt frå Homme. Garden er nemnd som Omlannd allereie 1594. I 1600, 1612, 1619 er den skriven Omland, før den i 1668 er skriven Øfre Ombland og Øfre Omland i 1723. Den første som er nemnd på garden er Øyu...

Engedal (8)

Garden Engedal ligg mellom Øvre og Nedre Kvinlaug i Vesterdalen. Fyrste gong namnet er nemnd i 1594, vart det skriven Engedall. Garden skal ei tid hørt med i det dei kalla ”Helle gods”. Øystein Olson er nemnd 1584-1614. I 1594 er han med på Feda og skreiv fullmakt for...

Øvre Kvinlaug (9)

Øvre Kvinlaug ligg i Vesterdalen på austsida av Kvina, aust for Stakkeland og ca 5-6 km nord for Nedre Kvinlaug. I 1668 vart garden skriven Øfre Quindeloeg, og Qvindeloug i 1723. I ei sak mellom Kvinlaug  og Netland i 1682 blei det lagt fram eit brev at Øvre Kvinlaug...

Stakkeland (10)

Stakkeland ligg vest for Øvre Kvinlaug, på vestdsida av Kvina. Garden er nemnd som Stacheland i 1612, Stocheland i 1668 og Stacheland i 1723. Namnet er nok etter toppen Stakken ved garden. Det var øydegard i 1600, og den garden låg kanskje nærare Krågeland. Garden låg...

Krågeland (11)

Krågeland ligg vest for Stakkeland Nedre Kvinlaug. Garden er nemnd som Krageland i 1668 og 1723. Krågeland  var øydegard og må ha vore under Nordigarden på øvre Kvinlog. Det ser ut som det har kome folk i 1625, for då blei garden satt i leidang. Dette...

Lindeland (12)

Lindeland ligg i Kvenåsen skulekrins like sør for Seland. Garden er skriven Lindeland i 1668 og 1723. Lindeland var øydegard under Seland og blei folka i 1617 av Olav Eielson øvre Kvinlog. Det gamle Lindeland må ha lege vest for elva. Lindeland finn ein berre i...

Seland (13)

Garden Seland ligg i Vesterdalen nord for Kvinlog. Det tilhøyrde Kvenåsen skulekrins saman med gardane: Eikeland, Solli, Lindeland og Lindhommen.  I 1594 vart namnet skriven Sellannd, i 1619 Selland og i 1668 og 1723 Seeland. Det blir sagt at Seland åtte frå...

Lindhommen (14)

Lindhommen ligg i Kvenåsen skulekrins like aust for Seland. Garden er nemnd som Lindhommen i 1668 og 1723. Lindhom seiast vera komen frå Seland, men Linndhomstølen ligg som ei øy inne i Lindelandsmarka, så det er meir rimeleg at han er skild ut frå Lindeland....

Lindefjell (15)

Lindefjell ligg nord for Kvenåsen krins på vestsida av Kvina. Garden er nemnd i 1595 under namnet Lindefield, så også i 1600, 1612, 1619, 1668 og 1723. Hoskuld er den første eigaren som er nemnd. Han skal ha vore på Feda ting i 1591 og skreiv under fullmakt til dei...

Solli (16)

Garden tilhøyrer Kvenåsen krins og ligg aust for Kvina og aust for Lindefjell. Garden er nemnd i 1668 som Lie. Solli var øydegard under Eigeland og nemnest første gong 1618, men ein veit lite om dei første folka. Eit segn som er tatt med i Fjotland. Gards- og ættesoge...

Moland (17)

Moland ligg aust for Kvina, mellom Gunsteinsli og Netland. Garden er nemnd som Moeland i 1668 og 1723. I 1643 åtte Knud Krågeland og medarvingane Krågeland, og dette året åtte Tosten Homma i Gyland garden Moland, men Knud må ei tid ha ått heile Moland, og han er nemnd...

Gunsteinsli (18)

Gunsteinsli ligg i Vesterdalen mellom Lindefjell og Moland. I 1668 er garden skriven for Gunstenslien med Moen, mens i 1723 var det blitt til Gundsteenlie med Moen. Garden er komen frå Lindefjell. Det var frå gamalt to gardar, Moen og Gunstensli. Dette...

Netland (19)

Netland ligg i Vesterdalen,på vestsida av Kvina, like sør for Risnes.  I 1612 vart garden skriven Nedland, mens i 1619, 1668 og 1723 var det Netland. Futen Niels Jenssøn selde i 1508 øydegardane Netland og Risnes til sirdølen Kolbein Gudtormsen Josdal, og...

Netlandsnes (20)

Netlandsnes ligg i Vesterdalen på austsida av Kvina, like aust for Netland.  I 1668 vart garden skriven Nætlands Næsset, mens i 1723 var det Netlandsnessit. Første mannen som er nemnd på Netlandsnes er:  Hoskuld Gudtormson (n. 1659). Han var...

Risnes (21)

Garden ligg i Vesterdalen nord for Netland på vestsida av Kvina. I 1668 er garden skriven Risnæs, og i 1723 Riisnes. Første mann som er nemnd på Risnes er Eivind (n. 1621-26). Han var aleine på Risnes. I 1658 er det fortalt at Gullik og Kolben Ivarsøner hadde betalt...

Knaben (22)

Knaben ligg nordaust for Risnes. I 1600 og 1612 er det skriven Knaben, mens i 1619 var det Knabbenn. Frå 1668 har det igjen blitt til Knaben. Den første som er nemnd er Knut (n. 1602), deretter følgde Tollak (n. 1611-26). Det var på denne garden som Besse i...

Håland (23 )

Håland ligg høgt oppe aust for Netlandsnes og sør for Knaben. Den er skriven for Haaland i 1668 og 1723. Håland blei som mange andre gardar, lagd øyde i slutten på mellomaldaren. Då det kom att gard, brukte dei ikkje det gamle gardsnamnet, men Uborgsheie eller bare...

Førlandsås (24)

Garden ligg nord for Harbakk og Bergesli og aust for Eikeland. Garden er nemnd som Førreland i 1668 og Føreland 1723. Tillegget ås kom inn seinare, og no kallast garden gjerne Åsa etter Åsevatnet. Den første eigaren som er nemnd er Øyu Ommundsen 1585-1665. Han var...

Eftestøl (25)

Eftestøl ligg nord for Fjotland, like aust for Førlandsås. I 1668 er garden skriven Efftestøel og i 1723 Eftestøl. Første mann som er nemnd i Eftestøl er Odd Kidelson Farhommen (1594-1678). Først var han leiglending, og så blei han sjølveigar kring 1655. Eldstesonen...

Mjåvatn (26)

Garden ligg søraust for Eftestøl nær grensa mot Eiken. I 1668 er den skriven Mioland, mens i 1723 vart det til ”Miaaland, nu kaldet Miaavatten”.Jerstad og Veggeland fortel at det seiast at driftekarar låg med drifta der før han blei gard, og det må ha vore på...

Røyland (27)

Garden ligg aust for Bergesli og nord for Harbakk, og vest for Fjotland. Garden er skriven Rødland i 1619 og Røyland i 1723. Dette skal vere ein av dei eldste gardane i bygda. Ved år 1600 var Førlandsås, Bergesli og nedre Harbakk øydegardar under Røyland. Den første...

Bergesli (28)

Garden ligg nord for Harbakk, og vest for Røyland og Fjotland. Tidlegare blei garden kalt Lien. I 1668 vart det skriven Lij og i 1668 og 1723 vart det til Lien. O. Rygh kjende til at garden også vert kalla Bergeslien. Bergesli var frå gamalt øydegard under Røyland og...

Nedre og Øvre Harbakk (29-30)

Garden ligg sør for Røyland og Bergesli, og vest for Fjotland. Det var to gardsnummer i Harbakken, øvre og nedre. Harbachen vart garden skriven 1668. I 1723 var garden delt i Harbache øvre og Nedre Harbachen. Delinga av Harbakk har vore slik fram til vår tid. Også i...

Eikeland (31)

Eikeland er den sørlegaste garden i Kvenåsen krets nord for Kvinlog. Garden er nemnd som Egeland i 1594, 1600 og 1612. I 1668 er den skriven Eggeland, og Eegeland i 1723. Eikeland saman med øydegarden Solli låg under Austegarden på øvre Kvinlaug. Dette namnet er særs...

Røynebu (32)

Røynebu ligg nord for Kvinlog og vest for Harbakk. Garden vart skriven Røgneboe i 1668 og 1723. Garden blei folka i 1620 og må vera komen frå øvre Kvinlaug. Det er truleg ein gamal øydegard. Den første som er nemnd er Johannes i 1644. Gardsnamnet Røynebu finn ein også...

Fjotland (33)

Dette gardsnamnet har gjeve namn til kyrkjesoknet og det gamle herredet. Garden ligg nord for Fjotlandsvatnet ved kyrkja. I 1594 vart det skriven Fiottland, medan i 1612 Fiøtland og Fiotland i 1619. I gards- og ættesoge meiner forfattarane at garden er fleire hundre...

Åsen – Øyufsåsen (34)

Garden ligg sør for Fjotlandsvatnet. Gardane Åsemoen og Norås er komne frå garden, og desse gardane har framleis same gardsnummer. O. Rygh nemner berre namnet Åsen, og viser til at garden vart skriven Aasen både i 1668 og 1723. Åsen er eit svært vanleg gards- og...

Mygland (35)

Garden ligg vest for Eiesland. I 1594 vart garden skriven Møgeland, medan i 1612 vart det til Mogeland, og i 1668 og 1723 til Møgland. I følgje Gards og ættesoga skal garden ein gong vore kalla Mygland under Veggeland, og må difor ha vore øydegard under Veggeland...

Vordal (36)

Garden ligg nord for Spillebrok og Eiesland. I 1612 er garden skriven Waardal, i 1619 Vardall, Wordal i 1668 og så Waardahl i 1723. Ånen er nemnd på garden i 1611. Han er kalla rudkallen, altså rydningsmannen. I 1622 flutte han til Mjåvatn, og han slapp skatt i 1635,...

Spillebrok (37)

Garden ligg mellom Eiesland og Vordal i Austerdalen. I følgje Norske Gaardnamne blei garden kalla Øigarden. I 1668 og 1723 er garden skriven Spillebroch. Namnet Øigarden tyder på at garden har vore aude i mellomalderen, før det igjen blei busetnad der. Liknande namn...

Eiesland (38)

Garden ligg aust for Mygland. Rygh skriv garden Eiaasland. I 1594 vart garden skriven Easland. I 1600 har den vore skriven Eytzland, mens den i 1612 er nemnd som Eieβland. I 1668 og 1723 er garden skriven Eyesland. Osu nemnd i 1594-1638 på Nedre garden på Eiesland....

Indre og Ytre Åsen (39-40)

Indre og Ytre Åsen ligg i Austerdalen mellom Eiesland og grensa mot Eiken. Desse gardane er også kalla Eieslandsåsen. I matrikkelen frå 1950 er dei nemnd som to sjølvstendige gardar, med kvar sine gardsnummer. Gardane er nemnd som Indre og Yttre Aasen i 1668 og 1723....

Valdro (41)

Garden ligg like vest for Haddeland i Austerdalen. I 1668 og 1723 er garden skriven Waldrio. Valdro var øydegard under Veggeland, og vart folka 1643, står det i Gards- og ættesoge. Orm Person Veggeland er den første som er nemnd på garden. Dette er eit særmerkt namn...

Høydal (42)

Garden ligg nær Valdro like vest for Haddeland i Austerdalen. Oluf Rygh skriv garden for Høidalen. I 1612 er den nemnd som Høedall, i 1668 som Høidal og i 1723 som Høydahl. Dette er det einaste bruket med dette namnet i Agder-fylka, men det er i bruk på fleire gardar...

Haddeland (43)

Garden ligg like sør for Eiesland i Austerdalen. I 1612 er garden nemnd som Haldeland, så i 1668 som Holleland og i 1723 Halleland. Haddeland er komen frå Veggeland, og er nok folka derifrå. Atlak er den første som er nemnd på garden. 1611-20 er han skriven for Atlak...

Veggeland (44)

Garden ligg sør for Eiesland i Austerdalen, på austsida av Litleåna. Garden er nemnd som Veggelannd i 1594. I 1600 er garden skriven for Vegeland. Weggeland er den skriven i 1619, 1668 og 1723. Etter den store nedgangsperioden på 1300-talet blei Bruli, Haddeland,...

Nedre og Øvre Bruli (45-46)

Nedre Bruli og Øvre Bruli ligg sør for Veggeland  i Austerdalen, nordaust for Galdalsvatnet. Bare Narvestad i Vesterdalen, ligg lenger sør i gamle Fjotland kommune. Dei er nemnd som Øfre og Nedre Brulie i 1668, og Øfre og Nedre Bruelie 1723. Etter den store...

Galdal (47)

Garden ligg i Austerdalen, nord for Galdalsvatnet. Garden er nemnd som Galdal i 1594, 1600, 1612, 1619 og 1668. I 1723 er den skriven Gahldahl Knibestøl må i eldgamal tid ha vore støl for Galdal. Så blei det øydegard, og støl på nytt. Først på 1600-talet åtte...

Knibestøl (48)

Garden ligg i austerdalen sør i gamle Fjotland kommune, like vest for Galdal. Garden er skriven Knibestøel 1668, Knibestøl 1723, og i matrikkelen frå 1905 er den nemnd Knipestøl. I Fjotland Gards og ættesoge kan ein lese at i mellomaldaren var garden støl for Galdal,...

Årstøl (49)

Garden ligg på heia mellom Vesterdalen og Austerdalen sør i gamle Fjotland kommune, like vest for Knibestøl. Garden er nemnd Aarestøle i 1612, Arestølle 1619, Aarestøele 1668 og Aarstøl 1723. Årstøl må vel ha kome frå Helle som eig marka heilt opp til nordenden av...

Salmeli 50

Salmeli  ligg øvst i Fjotland mot Sirdal i den såkalla Salmeligrenda.  Gardane i grenda var tidlegare ein del av Sirdal,  1. januar  1903 blei gardane samla overført til Fjotland. Med unntak av Knabeneset har alle desse gardane...

Solhom (51)

Ligg i Salmeligrenda øvst i Fjotland. Garden er skreven Soelhommen i 1723. Det er ikkje andre døme på dette som gardsnamn.  Gardene i grenda var opphaveleg ein del av Sirdal,  1. januar  1903 blei gardane samla overført til Fjotland....

Knabeneset (52)

Ligg i Salmeligrenda øvst i Fjotland. Garden er skriven for Næsset i 1668 og Øvre Næsset i 1723. Garden skal ha vore utskilt frå Knaben, og difor fått namnet frå garden. I følgje Fjotlands gards- og ættesoge skal garden blitt kalla Næsset under Knaben i 1675. Det er...

Homstøl (53)

Ligg i Salmeligrenda øvst i Fjotland. I 1723 er garden skriven for Hommestøl. Gardane i grenda var tidlegare ein del av Sirdal, 1. januar  1903 blei gardane samla overført til Fjotland. Med unntak av Knabeneset har alle desse gardane blitt utskilt frå gardar...