Røynebu ligg nord for Kvinlog og vest for Harbakk. Garden vart skriven Røgneboe i 1668 og 1723.

Garden blei folka i 1620 og må vera komen frå øvre Kvinlaug. Det er truleg ein gamal øydegard. Den første som er nemnd er Johannes i 1644.

Gardsnamnet Røynebu finn ein også på ein gammal plass i Fyresdal i Telemark. I Kvinesdal finn vi namnet Røynestad i Vesterdalen, ikkje langt frå grensa mot Fjotland. Om lag 100 gardsnamn endar på –bu. Desse siste gardana finst særleg på Aust- og Sørlandet og i Trøndelag.

Namnet kjem av norrønt ’reynir’ som tyder rognetre. O. Rygh skriv i ”En Krønike frå Kvinesdal” om namnet Røinesdal som han meiner er det opphavlege namnet til garden Røynestad, og at forstavinga ’røine’ kjem av rognetre. Stadnamnleksikonet meiner at  t.d. fjorden Røyningen, i Binddal i Nordland, også kan ha rognetre som opphav frå det norrøne ordet ’Røyningr’. Bu av norrønt ’bú’ tyder ’gard, bustad, eigedom’.

PØR

Kjelder:
O. Rygh i L. Daae: En Krønike om Kvinesdal
O. Rygh: Norske Gaardnavne
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Det Norske Samlaget: Nynorskordboka
Statens kartverk: Norgeskart.no