SPANSHEDDÅ

Spannsheddå, stor helle som ligg i fjellsida ovanom garden Åmland i Fjotland. I eldre tid skal det ha blitt ofra eit spann med smør til hella kvar jolaftan, med den tanken at ho då ikkje skulle ramla ned og øydeleggja husa på garden. SAM KjelderPeter...

SJÆLTA

Sjælta er eit vanleg namn på jordstykke i Fjotland. Namnet kjem av tad som tyder gjødsel. Stadnamnet sjælta har difor meininga område som er sjølvgjødsla. Det er vanleg på området nedforbi uthusa som fekk tilsig fra fjøset. PØR Kjelde:Per Seland: Kvenåsen krets i...

STEDJEFJELLET

Stedjefjell er 577,7 m.o.h. Det ligg på Krågeland godt synleg frå RV 42. Det er særmerkt ved dei blankskurte berga opp frå Krågeåna. Første ledd i namnet Stedjefjell tyder truleg engflate ved elv i følgje Norsk Stadnamnleksikon. Ulike stadnamn med Stedje i namnet finn...

SVINSOKSHEIA

Svinsoksheia er ei hei som ligg 369,7 m.o.h. mellom Engedal og Homme. Namnet kjem av dialektnemninga svinsoks som tyder grevling. Frå Kristiansand i aust til Lund i Rogaland i vest finn ein fleire stadnamn på naturformar som heier, myrer og dalar med svinsoks som...

HUKNUDEN

Huknuden, fjelltopp i Fjotland, og namnet på ein dei mest kjende fjotlandsslåttane. 1. Det litle, men karakteristiske fjellet Huknuden ligg over garden Øvre Kvinlog i Fjotland. Toppen når opp i  338,7 m o.h. 2. Feleslåtten Huknuden har namnet etter fjellet...

Persætet

Persætet er eit lite fjell som ligg like sør for Fjotlandsvatnet, toppen er 523,5 m.o.h. I følgje sogeboka til Johan Jerstad har fjellet fått namn etter ein gard som har ligge nordvest for fjellet. Det skal framleis vere mogleg å sjå dei gamle åkrane som hørde...