Like ved Kvenåsen skulehus på Fjotland Bygdemuseum ligg prestesteinen og lesarsteinen.

Å løfte lesarsteinen som tidlegare lå i vatnkanten like nedanfor kyrkja, var ei manndomsprøve som mange unge fjotlendingar har prøvd seg på. Det var ei tøff utfordring å løfte steinen som skal vege 102 kg.

Prestesteinen skal etter det som seiest vore løfta av ein av bygdas prestar, og med ei vekt på heile 207 kg, er det ikkje kven som helst som kan ha makta det. Vi er ikkje sikre kven som skal ha løfta steinen, men nokre peikar på Per Tobias Gunnuson Eiesland med tilnavnet «Per prest». Han var født på Eiesland i Fjotland i 1840. Han var prest i Fjotland frå 1886-1900.