”Årstal synest ikkje å ha vore nytta mellom folk i det før-industrielle samfunnet for å tidfesta hendingane. Noko kronologi i riksmålestokk ville ha vore ein anakronisme for dei. Den praktiske horisonten var bygda eller aller helst grenda, dei som dei samarbeidde med og grensa til”, skriv folkloristprofessor Brynjulf Alver i boka Dag og merke (1970). Både året og årsrytmen var strukturert ut frå det praktiske arbeidet på garden. Attåt dette var kyrkjeåret med dei mange helgedagane, høgtidene og helgenmarkeringane viktige punkt i årssyklusen – også lenge etter at mange kyrkjelege markeringar var blitt fjerna ved reformasjonen og ved andre endringar i kyrkjekalenderen seinare.

01.06 Trettandagen

6. januar Denne dagen er etter kyrkjeleg tradisjon epifaniedagen som tyder openberringsdagen. Dagen var knytt til openberringane Jesu fødsel, Jesu dåp og Jesu fyrste kjende undergjerning, vin-underet i Kanaan. Mot slutten av 300-talet hadde ein gjenge over til å ha...

01.13 Tjusdagen

13. januar Kjeldene frå Fjotland nyttar namn som ”tjusdagen”, ”tjuenhelgi” og  ”tjuendag jol” om denne dagen (Jerstad 1949/Lunde 1925). Dette var dagen jola slutta. Fylgjande rim er knytt til dagen: ”Knut fut, / jaga jolæ ut.” Namnet Knut har opphavleg lite...

01.25 Pauli omvending

25. januar       Dette er minnedagen for Pauli omvending. Kristenforfylgjaren Saulus skulle til Damaskus for å gripa kristne der og føra dei til fangenskap i Jerusalem, men han blei omvendt då han møtte Kristus i eit sterkt ljos på vegen...

02.02 Kyndesmøss/kyndelsmesse

2. februar       ”Kyndesmøss” eller kyndelsmesse er omsetjingar av det latinske Missa festum candelarum, som ein best kan omsetja med ’ljosmesse’. Dette var og er ein viktig katolsk høgtid. Heile kyrkjelyden gjeng i prosesjon inn kyrkja...

02.22 Peder stol

22. februar     Dette er kyrkjedagen som markerer at apostelen Peter blei overhovud for den kristne kyrkja. Dagen har dagsnamnet ”Peder stol” i almanakkane etter det latinske namnet på dagen, Petrus Cathedratus. Ulike forteljingar om at St....

03.12 Greggamøss

12. mars         St. Gregor blir minna denne dagen i kyrkjetradisjonen. Gregor (540-604) var av rikmannsslekt, men valde klosterlivet i kontemplasjon og bøn. Han utmerkte seg som abbed, klosterleiar, og blei som fyrste munk og...

03.25 Marimøss

25. mars ”Marimøss”, ”marimesse om våren” eller ”Maria bebudelsesdag” er namnet på denne dagen som i dag gjeng under namnet Maria bodskapsdag. Dagen er kyrkja si høgtidsdag for å markera dagen då Maria fekk bod frå engelen om at ho skulle føda Kristus. Tida kring...

04.14 Sommarmål

14. april    Dette er av dei få merkedagane som ikkje har nokon tydeleg kyrkjeleg bakgrunn, dvs. ein merkedag som har vore ein helga dag i norsk kyrkjetradisjon. Men dagen er samanfallande med minnedagen for helgenane Tiburtius og Valerianus....

05.03 Korsmøss

3. mai  ”Korsmøss” eller krossmesse om våren er nemninga for denne dagen. Det er kyrkjeleg høgtidsdag til minne om at Helena, Keisar Konstantins mor, fann Den heilage krossen som Jesus var blitt avretta på, i Jerusalem. Mange stader var det vanleg å klyppa...

05.15 Halvorsok

15. mai Hallvardsmesse, hallvardsok eller halvorsok er minnedagen for den norske helgenen Hallvard Vebjørnson frå Husaby i Lier. Helgenforteljinga er nok kjent for dei fleste: Hallvard var fødd om lag 1020. Han var i slekt med Olav Haraldson, og var fødd inn i ein...

05.25 Urbanus

25. mai            Urbanus er den tradisjonelle nemninga på denne dagen i dei gamle almanakkane. Dette var ein kyrkjeleg høgtidsdag og minnedag for pave Urbanus I (222-230) i katolsk tid. Ein kjenner lite til...

06.24 Jonsok

24. juni            Jonsok var den viktigaste merkedagen i sommarhalvåret. Dagen før denne sommardagen, jonsokaftan, er vel den av dei kyrkjelege helgenmarkeringane som stend sterkast i norsk kultur og tradisjon i...

07.02 Syftesok. Maria besøgelsesdag

2. juli   Dette er den Heilage Svithuns minnedag i den katolske kyrkja. Svithun var biskop i Winchester i England og var fødd kring år 800 og døydde i 862. Livet til St. Svithun er legendeprega. Biografiane hans blei skrivne lenge etter hans død. Men han var...

07.20 Marte vassause

20. juli Denne dagen har i folketradisjonen hatt namn som ”margitsmesse”, ”Mari vassause” eller som i Fjotland – ”Marte vassause”. Eigentleg er dette minnedag for St. Margareta av Antiokia (i Tyrkia). Margareta skal som Lucia, ha blitt forfylgt fordi ho var...

07.25 Jakob vådhatt

25. juli Jakobsmesse, Jakobsok eller det meir folkelege ”Jakob vådhatt” er nemninga for dagen som er minnedag for apostelen Jakob og éin av Jesu læresveinar. Han er fleire stader omtala i evangelia, og har ser ut til å ha vore ein av Jesu aller nærmaste. Han leid...

07.29 Olsok

29. juli Olsok er som kjent den kyrkjelege minnedagen for Olav Haraldson som fall i slaget på Stiklestad denne dagen i 1030. Han blei seinare kåra til helgen, Heilag-Olav, Noregs evige konge. Minnedagen 29. juli er i vårt hundreår tid teken opp att i den lutherske...

08.22 Symforam

22.8.    Dette er minnedagen for den Heilage Symforian. Symforian var ein ung gut frå ein av dei få kristne familiane i Autun ved Dijon i Burgund i Frankrike på 100-talet e.Kr. Han var fødd kring 165. Då han ein dag tilfeldig kom inn i ei folkemengd som...

08.24 Bartolomeus

24. august  Dette var den kyrkjelege minnedagen for den heilage Bartholomeus, ein av læresveinane til Jesus og apostel. Han skal ha omvendt kongen av Armenia til den kristne trua, men kom i hendene på kongens heidenske slektningar og leid martyrdøden. Dagen var i...

09.01 Egedius

1.9.      Dette er minnedagen for St. Ægidius. Han var fødd ein gong på 600-talet og døydde kring 720. Han skal ha levt som einebuar for å koma unna merksemd han hadde fenge pga fleire mirakel han hadde utført. Han blei klostergrunnleggjar i...

09.29 Mikjelsmøss

29.9.    I kyrkjekalenderen er denne dagen minnedag for erkeengelen Mikael. Dette er difor ikkje nokon vanleg helgendag: Mikael er leiar for Guds himmelhær. Mikael kjempar mot fienden Satan, skal forsvara og redda sjelene åt dei truande, og etter...

11.01 Helgamøss

1.11.    Dei fyrste hundreåra i kyrkja var det blitt fastsett mange helgendagar. Frå år 609 innførde ein i tillegg ein fast minnedag for alle helgenar, allehelgensdag, eller helgemesse. I det niande hundreåret sette pave Gregorius IV dagen til 1....

11.02 Taksigelsesfest for Luteri Lærdom

2.11.    Den 2. november var i før-reformatorisk tid allesjelersdag. I katolsk tradisjon er dette minnedag for alle kristne som har gjenge bort. Kyrkjelydane i heile landet mintest og gjekk i forbøn for dei avlidne som var på kortare eller lengre...

11.11. Mortensmøss

11.11.  Dette er den kyrkjelege minnedagen for St Martin av Tours. Han var fødd i Ungarn i år 316 og døydde 397. Han var fransk biskop. Legendene vil ha det til at Martin ikkje ønskte å bli biskop. Han gøymde seg inne i ein flokk med gjæser då det ville henta...

11.23 Klemesdagen

23. november ”Klemensdagen” som denne dagen er kalla i fjotlandske kjelder, er kyrkjeleg minnedag for st. Clemens som var biskop i Roma år 92-101. Han var tridje biskopen etter apostelen Peter. Heilage Clemens leid martyrdøden ved drukning då han blei bunde til eit...

12.09 St. Annedag

9. desember Dette er den kyrkjelege minnedagen for den heilage Anna, mor åt Maria Møy. Ho er ikkje skildra i Bibelen, men den kyrkjelege tradisjonen nyttar namna Anna og Joakim på foreldra til Maria, Jesu Mor. Minnedagen hennar var i utgangspunktet 26. juli, og er det...

12.13. Lucia. Lussinote

13.desember Dette er minnedagen for Heilage Lucia frå Syrakus på Sicilia som leid martyrdøden kring 304 under dei harde kristenforfylgingane frå den heidenske, romerske keisaren Diokletian. Lucia er ein såkalla jomfrumartyr: Ho hadde gjort lovnad til Gud om å ikkje...

12.21 Tomasmøssdagen

21. desember Dette var den kyrkjelege minnedagen for apostelen Tomas, Jesu læresvein med tilnamnet ”tvillingen”, men han er nok mest kjent som den tvilande og vantru læresveinen slik han er skildra i Johannes-evangeliet. Fleire uavhengige kjelder fortel av han etter...

12.25 Joledagen

25.desember  Denne kyrkjehøgtida er som ålment kjent vigt Jesu Kristi fødsel og stend sterkt i vår eigen samtidige kultur. 1.joledag var utan samanlikning den viktigaste dagen i jola for folk. No tok jolefeiringa for ålvor til. Jolekvelden, den 24. desember, har...

12.23 Toddasmøssdagen

23. desember Litle jolaftan var ein kyrkjeleg merkedag. Dette var dødsdag og minnedag for biskop Þórlákr helgi Þórhalsson (1133-1193) som var biskop i Skålholt på Island. Den islandske biskopen var kjent som ein from kristen og ivrig i å reformera og sjølvstendiggjera...

12.26 Stefanusdagen

26.desember  Denne dagen, ”Stefanusdagen”, har vore ein tradisjonell minnedag for den Heilage Stefanus, den fyrste kjende, kristne martyren som ein kan lesa om i Apostelgjerningane i kapittel 6 og 7. I kyrkjeleg tradisjon er Stefanus blitt ståande som føredøme,...