1.11.   

Dei fyrste hundreåra i kyrkja var det blitt fastsett mange helgendagar. Frå år 609 innførde ein i tillegg ein fast minnedag for alle helgenar, allehelgensdag, eller helgemesse. I det niande hundreåret sette pave Gregorius IV dagen til 1. november av. Dette skulle vera ein minnedag for kristne som hadde levt på ein særleg førebiletleg måte, som martyrar, kyrkjelærarar og trusforsvararar . På slutten av 900-talet fekk ein så ein allesjelersdag 2. november til minne om alle avlidne kristne.

Helgemesse var likt ein del andre dagar i kyrkjekalenderen, ein heilagdag fram til 1770. Då blei dagen avskaffa som helgedag og flytt til fyrste sundagen i november. Men 1. november var likevel av mange rekna som halvheilag, og ein kunne markera dette med å la vera å arbeida, arbeida mindre, eller med festmat.

”Helgamøss” som dagen heitte i Fjotland i eldre tid, er dokumentert som preikedag sjølv om det ikkje var sundag. Fjotlendingen Per Jesperson Stakkeland (1763-1846) nemner dagen som preikedag i 1806. Det var ein laurdag.

SAM

Kjelder:
Brynjulf Alver. Dag og merke. Oslo 1970
Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok. Fjotland 1949
Johan Jerstad: Fjotland. Lesebok. Fjotland 1964
Vera Molland: Helg og høytid. Oslo 1997