I 1902 stod det å lese om eit tjuveri frå Fjotland kyrkje i Flekkefjordsposten. Eit gammalt krusifiks var borte frå kyrkja. Sidan den tid har det vore eit mysterium kor det blei av. Flekkefjordsposten slo fast at det var seld til omreisande oppkjøparar. Rykte skal ha det til at det skal vere i Amerika, men framleis meir enn 100 år etter, er det eit mysterium kva som hende med det utskorne Kristusbiletet/krusifikset. I 1998 etterlyste Kvinesdal historielag krusifikset gjennom sitt årsskrift. Dei som visste noko, kunne kontakte Tønnes T. Kvinlaug. Sidan det er ingen ting nytt kome fram. Kor krusifikset har tatt vegen er framleis like uvisst.

Bygdebokforfattaren Johan Jerstad fortel i si sogebok om Fjotland, eit gamal segn om dette krusifikset:
«Det utskorne Kristusbiletet i sakristiet kom drivande på sjøen. Nokre fiskarar fekk auga på det og vilde ha det inn i båten. Men det var så tungt dei orka det ikkje. Dei nemnde fleire kyrkjor dei vilde føra det til, men fyrst då dei nemnde Fjotlands kyrkje fekk dei det upp

Kvifor Jerstad ikkje nemner tjuveriet i 1902 då dette utskorne Kristusbiletet eller krusfikset forsvann, kan ein spørje seg om. Kan det ha vore for vanskeleg å ta opp? Det er sagt at nokon kjenner til kvar dette krusifikset skal vere. Kanskje Jerstad hadde kjennskap til noko av dette, og difor valde å la vere å omtale dette i Kultursoga. Tor Veggeland som skreiv jubileumsboka om Fjotland kyrkje i 1986, har heller ikkje vigd noko særleg merksemd til hendinga:
» Den gjævaste tingen som var i den første kyrkja og som blei flutt over, var det utskorne Kristusbiletet. Det var omlag 1 m høgt og hadde årstalet (?) og stod i den gamle altartavla. Det blei stole 1902 og kom ikkje til rettes att.»

Erling Sømme Kielland skreiv artikkelen i årsskriftet til Kvinesdal historielag i 1998 om denne historia. Han har forsøkt å finne fram kva som hendte våren 1902. I Flekkefjordsposten 13. mai 1902 stod denne notisen:

«Stjaalet Kirkebilde. I Fjotland kirke er forsvunden et i Træ udskaaret Billede, forestillende Frælseren paa korset. Billedet, der paa Grund at sin Ælde antages at være af betydelig verdi, er sandsynligvis stjaalet. Man gjætter paa en omreisende Opkjøber af Oldsager.»

2. mai 1902 melde sokneprest Rasmus Høyland til lensmannen at det var forsvunne eit bilete frå Fjotland kyrkje, som truleg var stole. Det hadde blitt borte mellom 2. søndag etter påske og 24. april. Erling Sømme Kielland har leita etter spor i gamle protokollar. Det enda opp i lensmannprotokollen frå 23. juli 1902, som slår fast at det ikkje vil bli vidare etterforsking: «… fra Fogdens side intet videre vil blive foretaget i anledning af samme sak.»

Kva skjedde så vidare? I årsberetninga for 1916 til «Foreningen Til Norske Fortidsminnesmærkers Bevaring» er følgjande å lese:
«Paa altertavlen i Fjotland kirke ønsket man at faa erehvervet et krucifiks, der skulde bestaa i en engelsk kopi ettter krucifiks i Tyrol. Man fandt ikke at kunne anbefale dette, da man hadde flinke treskjærere herhjemme, og netop paa dette omraade eiet en tradition, der nesten gaar tilbake til kristendommens indførelse her i landet».

Det viser tydeleg at krusifikset var sakna mellom bygdefolket. Tanken om å få eit nytt krusifiks, blei skrinlagd med dette avslaget. Framleis er det mange som håpar at krusifikset kan vere i trygg forvaring, og at det ein gong kan kom til rette att. Då den gamle altarkalken forsvann frå Fjotland kyrkje i 2006, blei det heldigvis ei rask oppklåring. Den verdfulle kalken blei funnen att etter nokre veker og kom på plass der den høyrde heime – i kyrkja.  

I jubileumsboka til Vest-Agder Fylke (1937) blei krusifikset nemnd: I 1875 var det tvo som reiste og kjøpte oldsaker, som baud på Kristus-biletet. Heradsstyret vilde ikkje selja. Kring hundreårsskiftet kom biletet burt. Det vart stole. Ingen hev spurt det sidan.  Det var truleg ei altertavle frå ei eller onnor av kyrkjone i grannebygdene.
 
Dette tyder på at krusifikset var kjend utanom bygda allereie då. Heradstyret forstod nok at det var ein verdfull gjenstand som høyrde til i Fjotland kyrkje. Dette kan styrke teorien som ble framsett i Flekkefjordsposten om at det var seld til omreisande oppkjøparar, men samstundes utelukkar det heller ikkje at nokon lokale har tatt det med til Amerika. Kan det ha vore mogleg for nokon å ta med seg eit krusifiks som var 1 m høgt til Amerika utan at fleire visste om det?

Kor dette krusifikset kom frå til Fjotland er ikkje kjend, truleg har det vore i ei av nabokyrkjene og flutt til Fjotland då den første kyrkja vart bygd i 1670. Heller ikkje er det nokon som er sikker på kor gammalt det var, kan hende er det frå tida før reformasjonen i 1536. Segna som Johan Jerstad gjengav i sogeboka si, stadfestar at dette er gammalt. Det ville vore lite truleg om ei slik segn hadde oppstått om krusifikset hadde vore av nyare dato.

Etter at vi skreiv denne artikkelen fekk vi tilsendt ein kommentar frå Erling Sømme Kielland i 2013.

Per Øistein Rogstad

Etter at denne artikkelen blei publisert for ein del år tilbake fekk vi følgjande epost frå Erling Sømme Kielland. Eposten finn du her.

Bildetekst: Krusifikset på bilete heng i dag i Kvinesdal kyrkje, og er ikkje identisk med det som var i Fjotland kyrkje.

Kjelder:
Erling Sømme Kielland: Man gjætter på en omreisende Opkjøber af Oldsaker. I: Årsskrift for Kvinesdal historielag 1998
Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok. 1949
Tor Veggeland: Fjotland. Kultursoge. 1984
B. Eiesland m.fl.: Fjotland. I: Vest-Agder Fylke 1837-1937. 1937