24. august 

Dette var den kyrkjelege minnedagen for den heilage Bartholomeus, ein av læresveinane til Jesus og apostel. Han skal ha omvendt kongen av Armenia til den kristne trua, men kom i hendene på kongens heidenske slektningar og leid martyrdøden.

Dagen var i folketradisjonen mange stader i landet rekna som fyrste haustdagen. Vêret denne dagen varsla korleis hausten ville bli. Somme stader i landet var dette dagen ein reiste heim frå stølen. Også i Fjotland flytte folk på mange gardar opp på stølen, men det var fyrst og fremst for å slå og hausta fôr i utmarka. Det aller meste av fôret til dyrehaldet henta dei gjerne i utmarka. Det kunne variera i kor stor grad heile hyslyden fór til heis og kor lenge dei var vekke før dei reiste ned og gjorde arbeid heime på garden. Per Seland (1981) skriv at kvinnene i nyare tid reiste heim kvar kveld for å samla inn og molka buskapen og så sleppa dei ut att i bumarka tidleg neste dag før dei fór på heia att.

På primstaven er Bartholomeus-dagen gjerne markert med ein kniv etter den grusamme døden Bartholomeus fekk. Han skal etter tradisjonen ha lide martyrdøden ved å ha blitt flådd og så halshogd. Den folkelege tradisjonen har tolka knivsymbolet på primstaven som at det var tida for at bukkane skulle slaktast ved dette belet. Barsok var eit mykje nytta namn på denne dagen på norske bygder. ”Bartolomeus” er nemninga som er blitt nytta kring 1800 i Fjotland.

 SAM

Kjelder:
Brynjulf Alver. Dag og merke. Oslo 1970
Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok. Fjotland 1949
Vera Molland: Helg og høytid. Oslo 1997
Lars Reinton: Til seters. Norsk seterbruk og seterstell. Oslo 1969
Per Seland: Kvenåsen krets i Fjotland 1981