11.11. 

Dette er den kyrkjelege minnedagen for St Martin av Tours. Han var fødd i Ungarn i år 316 og døydde 397. Han var fransk biskop. Legendene vil ha det til at Martin ikkje ønskte å bli biskop. Han gøymde seg inne i ein flokk med gjæser då det ville henta han, men gjæsene ståka så at han blei oppdaga. Martin skal ha vore særleg god mot fatige og heimlause. Han var ein av dei fyrste som blei æra offentleg utan å ha lide martyrdøden. Han er den fyrste vedkjennaren som er blitt dyrka som helgen og er blitt feira sidan 400-talet.

Merket på primstaven har variert ein del for denne dagen. Det er gjeve att med både bispestav etter embetet Martin av Tours hadde, med eit drikkehorn, med ein gris eller med ei gås. Mange stader var det vanleg å eta gris denne dagen. I europeisk tradisjon har det vore meir vanleg med gåsesteik til minne om historia kring Martin og gjæsene. Festmåltidet denne dagen var gjerne siste store matgildet før fasta i adventstida tok til.

Dagen er blitt kalla ”Martin bisp” og ”Mortensmøss” i fjotlandske kjelder (Jerstad 1949).

 SAM

Kjelder:
Brynjulf Alver. Dag og merke. Oslo 1970
Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok. Fjotland 1949
Vera Molland: Helg og høytid. Oslo 1997
www.katolsk.no, 26.7.2008