29. juli

Olsok er som kjent den kyrkjelege minnedagen for Olav Haraldson som fall i slaget på Stiklestad denne dagen i 1030. Han blei seinare kåra til helgen, Heilag-Olav, Noregs evige konge. Minnedagen 29. juli er i vårt hundreår tid teken opp att i den lutherske statskyrkja som gudstenestefeirande dag.

”Olsok. Då kunde ein venta olsokflaumen,” skriv Johan Jerstad i Fjotland. Sogebok (1949). Denne utsegna er eit døme på at ein kyrkjeleg helgendag har blitt knytt til særlege naturfenomen som kunne vera ventande på ei bestemt tid av året. Såleis har tidbolken kring olsok gjerne vore ei tid då ein kunne venta seg meir regn, eller at regnet kunne gjera mykje skade i vinna. For talen om olsokflaumen er gjerne like mykje eit teikn på at ein tenkte særleg på vêret med tanke på høyvinna. Regnet var ingen kjærkomen gjest når høyet skulle i hus. Andre dagar mot slutten av juli som Marte vassause (20.7) og Jakob vådhatt (25.7) fortel om at vêret var sett på som ustabil no, og at ein måtte passa på å få i hus til rett tid.

SAM

Kjelder:
Brynjulf Alver. Dag og merke. Oslo 1970
Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok. Fjotland 1949
Vera Molland: Helg og høytid. Oslo 1997