6. januar

Denne dagen er etter kyrkjeleg tradisjon epifaniedagen som tyder openberringsdagen. Dagen var knytt til openberringane Jesu fødsel, Jesu dåp og Jesu fyrste kjende undergjerning, vin-underet i Kanaan. Mot slutten av 300-talet hadde ein gjenge over til å ha hovudmarkeringa for Jesu fødsel den 25.12. I store delar av austkyrkja er 6. januar framleis viktigaste høgtidsdagen i jola.

Trettandedagen kom i vest alt frå 400-talet til å ha merksemd retta mot minnet om dei tri vise mennene frå aust som vitja Jesusbarnet for å tilbe det. Dagen har blitt heitande ”Heilage tri kongars dag” til minne om desse tri.

Den 6. januar var etter gamal tidsrekning den gamle joledagen. I Agder til Hordaland heldt ein seg eigentleg til 5. januar. Trettandagen var mange stader halden for like viktig som joledagen i desember, og kjelder frå Vestlandet fortel om bønder i Nordhordland som helga ”trettandedagen” meir enn 1. joledag.

”Dei støypte triarma heilagtrikongeljos til denne dagen”, skriv Johan Jerstad i sogeboka (1949). Mange stader var det vanleg å støypa ljosa dagen før, trettandedagsaftan, og dei brende ljoset på bordet sjølve trettandedagen.

SAM

Kjelder:

Brynjulf Alver. Dag og merke. Oslo 1970
Olav Bø: Norske årshøgtider. Oslo. 1980
Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok. Fjotland 1949
www.katolsk.no, 20.7.2008