20. juli

Denne dagen har i folketradisjonen hatt namn som ”margitsmesse”, ”Mari vassause” eller som i Fjotland – ”Marte vassause”. Eigentleg er dette minnedag for St. Margareta av Antiokia (i Tyrkia).

Margareta skal som Lucia, ha blitt forfylgt fordi ho var kristen, i den harde kristenforfylginga under keisar Diokletian mellom 284-305. Mora døydde tidleg, faren var heidensk prest, men Margareta blei oppfostra av ei kristen amme. Då ho som ungjente offentleg vedkjente seg den kristne trua, blei ho kasta ut av heimen av far sin. Livet hennar er knytt til legendestoff, men ho personifiserer jomfrumartyren: Kvinna som nektar å gifta seg med heidenske menn ettersom dei har vigt livet sitt til Kristus, den forsmådde mannen som klagar henne for retten for ulovleg gudsdyrking og kvinna som trufast mot Kristus vitnar om trua si gjennom hard tortur før ho blir teken av dage av statsmaktas bøddel. Ho døydde truleg kring 290.

Primstavsymbolet for dagen er oftast eit hjul. Det kunne hatt med avrettingsmåten hennar, men etter tradisjonen skjedde det ved halshogging og ikkje med steile og hjul.

Vassausenamnet på denne dagen er nok for det fyrste knytt til ei omtolking av hjulsymbolet på primstaven som nok for mange meir likna på ei heimleg vassause. Vassauselogikken har sikkert òg med at det på denne tida var trasig å få regn, ettersom det var om å gjera å berga høyet turt i hus. I dagane kring olsok hadde nok mange røynt at vêret kunne øydeleggja for høyberginga, og ein var særleg var for nedbøren då. Namnet ”Marte vassause” talar tydeleg det språket. Det same ser ein i ”Jakob vådhatt” (25.7.) og i uttrykket olsokflaumen knytt til «olsok» (29.7).

SAM

Kjelder:
Brynjulf Alver. Dag og merke. Oslo 1970
Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok. Fjotland 1949
www.katolsk.no, 23.7.2008