2. februar      

”Kyndesmøss” eller kyndelsmesse er omsetjingar av det latinske Missa festum candelarum, som ein best kan omsetja med ’ljosmesse’. Dette var og er ein viktig katolsk høgtid. Heile kyrkjelyden gjeng i prosesjon inn kyrkja med ljos til minne om Maria reinsing og kyrkjegang etter fødselen. Dagen var heilagdag i den lutherske kyrkja i Noreg fram til 1770.

Elles var skikken med reinsing etter barsel, kjent mellom folk. Fram til ei kvinne kom til kyrkje att etter fødselen som såkalla inngangskone, blei ho sett på som urein.

Det var vanleg over det meste av landet at ein ved dette leitet kunne venta seg hardare vêr ein periode. Frå Fjotland heiter det: ”Det var gjerne uver ved dette leitet, dei tala um kyndesmøssridi”, skriv Johan Jerstad (1949)

Elles tok ein varsel denne dagen for å seia kva vêr som var ventande: ”Når det dryp på nordsida av kyrkja den dagen, blir det tidleg vår,” heitte det i Fjotland.

SAM

Kjelder:
Brynjulf Alver. Dag og merke. Oslo 1970
Brynjar Haraldsø: Fagord i teologi og kristendomskunnskap. Oslo 1999
Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok. Fjotland 1949