3. mai 

”Korsmøss” eller krossmesse om våren er nemninga for denne dagen. Det er kyrkjeleg høgtidsdag til minne om at Helena, Keisar Konstantins mor, fann Den heilage krossen som Jesus var blitt avretta på, i Jerusalem.

Mange stader var det vanleg å klyppa vinterulla denne dagen. Dei hadde gjerne rim som blei sagt fram for sauene. Frå Mandalen har ein denne regla:

            ”Gå bort snøen,
            kom atte løen” (Alver 1970)

SAM

Kjelder:
Brynjulf Alver. Dag og merke. Oslo 1970
Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok. Fjotland 1949
Vera Molland: Helg og høytid. Oslo 1997
www.katolsk.no, 20.7.2008