14. april   

Dette er av dei få merkedagane som ikkje har nokon tydeleg kyrkjeleg bakgrunn, dvs. ein merkedag som har vore ein helga dag i norsk kyrkjetradisjon. Men dagen er samanfallande med minnedagen for helgenane Tiburtius og Valerianus. Helgennamnet Tiburtius som er omtala som namn for denne dagen i kjelder frå Fjotland, er mest eit namn på dagen som ein har fenge frå almanakken. Tiburtius var eigentleg ein martyrhelgen som samen med broren Valerianus miste livet pga si tru under forfylgingane av dei kristne på 200-talet.

Den 14. april var sommarmål. Sommarmål var dagen som markerte overgangen til sommarhalvåret. I primstavtida snudde ein primstaven denne dagen og byrja å rekna på sommarsida som gjekk frå 14. april til 13. oktober. Som elles i Sør-Noreg, var sommarmål vanleg flyttedag for tenestefolket i Fjotland: ”Sumarmål. Tiburtius. Då stedde  gjerne tenarane seg, anten for året eller for sumaren. I siste høvet kunde dei ste seg til mikjelsmøss eller til helgamøss”, skriv Johan Jerstad.

I handskriftene etter Per Jesperson Stakkeland kan ein fleire stader lesa om praksisen med å leiga tenestefolk frå denne dagen. 27. april 1815 skriv han: ”Lars Olsen har vi leyet  fra Sommermaal til Sommermaal igien og skal have Sko og Klæder og 150 tyve daler i Løn.”  30. mars to år seinare skriv han: ”Lars Olsen Røynebo har ieg leyet iaar 1817 igien fra Sommermaal til Sommermaal igien. Skal have Sko, Klæder og 500 rdr. i Penge.

SAM

Kjelder:
Brynjulf Alver. Dag og merke. Oslo 1970
Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok. Fjotland 1949
Johan Jerstad: Fjotland. Lesebok. Kvinesdal 1964
Vera Molland: Helg og høytid. Oslo 1997