2. juli  

Dette er den Heilage Svithuns minnedag i den katolske kyrkja. Svithun var biskop i Winchester i England og var fødd kring år 800 og døydde i 862. Livet til St. Svithun er legendeprega. Biografiane hans blei skrivne lenge etter hans død. Men han var skal ha vore munk som blei vigt til biskop. Det blir fortalt at han var audmjuk og nestekjærleg og hjelpte fatige og trengjande. Han blei ikkje gravlagt inne i katedralen slik det var vanleg for kyrkjeleiarar, men han fekk ei grav på kyrkjegarden etter eige ønske. Der kunne ”folk som gjekk framom trakka på grava og regndropane frå takskjegget drypa på han”, som det heiter i ein av helgenbiografiane hans.

Svithun fekk truleg ein plass i norsk helgendyrking med engelske geistlege som kom til Stavanger då landet var blitt kristna. Reinald, fyrste biskop i Stavanger, var frå Winchester, og han var nok viktig i formidlinga av kulten. Domkyrkja i Stavanger er vigt til St. Svithun.

Nemninga på dagen er ”syftesok” og er ei av mange namn på dagen som er forvanskingar eller forenklingar av helgennamnet.

2. juli er òg minnedag for Maria møy si gjesting hjå slektningen Elisabet, som òg gjekk med barn, han som skulle bli Johannes døyparen. Hendinga er skildra i Bibelen: ”Nokre dagar etter drog Maria av stad og skunda seg opp i fjellbygdene, til ein by i Juda. Der gjekk ho inn i huset åt Sakarja og helsa på Elisabet. Då Elisabet høyrde helsinga hennar Maria, rørte barnet seg i livet hennar. Ho vart fylt av Den Heilage Ande og sa med høg røyst: ”Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er barnet du ber” (Luk. 1, 39-42). Bibelforteljinga endar ut i den kjende Magnificat, Maria lovprising.

På 1800-talet er det mest knytte skikkar til at dagen var den såkalla ”Maria besøgelsesdag”. Tradisjonen frå Fjotland fortel at dagen var ein vitjingsdag: ”Då var dei alltid på vitjing” (Jerstad 1949), og ”Syftesok. Daa va di alltid a ò vidja, sa besta” (Lunde 1925). Det er både tydeleg og truleg at dagen er brukt som ein gjestingsdag kopla til den bibelske forteljinga om Maria gjesting til skyldfolket sitt. Dagen kunne lenge brukast til å besøka utan at ein av den grunn ein sluntra unna arbeidet på ein god arbeidsdag. Ikkje berre i katolsk tid var dette ein kyrkjeleg helgedag som forbaud arbeid. Dagen var heilagdag fram til 1770, då denne og fleire andre gamle helgedagar blei avskaffa i Danmark-Noreg. Det er difor mykje truleg at denne dagen lenge var sett på som ein halvheilag dag langt opp mot nyare tid og at dagen var eit høve til å møte slekt og kjenningar.

 SAM

Kjelder:
Brynjulf Alver. Dag og merke. Oslo 1970
Bibelen.1978
Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok. Fjotland 1949
Peter Lunde. Kynnehuset. Oslo 1924
www.katolsk.no, 23.7.2008