21. desember

Dette var den kyrkjelege minnedagen for apostelen Tomas, Jesu læresvein med tilnamnet ”tvillingen”, men han er nok mest kjent som den tvilande og vantru læresveinen slik han er skildra i Johannes-evangeliet. Fleire uavhengige kjelder fortel av han etter pinsedagen reiste som misjonær til Persia og India og er gravlagt i Mailapur nær Madras i India. Sør i India finst framleis kyrkjetradisjon som kallar seg Tomas-kristne som hevdar dei ein gong i tida blei evangeliserte av apostelen Tomas.

Det er langt frå Bibelens og kyrkjetradisjonens Tomas til den folkelege bruken og forståinga av dagen i etterreformatorisk tid. ”Tomassmøssdagen” blei òg kalla ”Tomas med bytta” i Fjotland. Dette kan ha å gjera med at primstaven kunne ha ei bytte som symbol denne dagen, som igjen kan vera knytt til tradisjonen med at ein bryggja joleølet denne dagen. Tradisjonen med ølbrygging tomasmessdagen var vanleg over heile landet. Elles var dagen gjerne knytt til det ein kalla kakelinna, linnvêrsperioden som gjerne kom ved joletider.

I Fjotland blei dessutan Tomas på same måten som Lussi (13.12) og Toddak (23.12) gjort til ein slags skræmande kontrollør som overvaka at joleførebuingane var i gang eller det blei gjort på rette måten. I ei regle frå bygda lydde det tomasmesse: ”Tomas kinn / jaga jolæ inn.” Folkeminnesamlaren Peter Lunde legg til etter det heimelspersonen fortel: ”Daa for ’an runnt i kvar kronæ i adde hus, di kunne høyra kòr han dùna.”

SAM

Kjelder:
Brynjulf Alver. Dag og merke. Oslo 1970
Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok. Fjotland 1949
Peter Lunde: Kynnehuset. Oslo 1925
www.katolsk.no, 19.7.2008