9. desember

Dette er den kyrkjelege minnedagen for den heilage Anna, mor åt Maria Møy. Ho er ikkje skildra i Bibelen, men den kyrkjelege tradisjonen nyttar namna Anna og Joakim på foreldra til Maria, Jesu Mor. Minnedagen hennar var i utgangspunktet 26. juli, og er det framleis i den romersk-katolske kyrkja, men i 1436 gjorde erkebiskop Aslak Bolt 9. desember til Anna-dag, i fyrste rekkje for Nidaros, men dagen ser ut til å fenge same status utover landet og stend oppført som dagsnamn på begge desse dagane i dei dansk-norske almanakkane.

Dagen har i folketradisjonen vore ein merkedag for ulike joleførebuingar. Det kunne vera tida for å vaska klede før jol, eller ein byrja ølbrygginga denne dagen. Det er ikkje kjent kva fjotlendingane brukte dagen til. Sameleis var Anna-dagen i juli knytt til regnvêrstida ein rekna med kom mot slutten av denne månaden.

SAM

Kjelder:
Brynjulf Alver. Dag og merke. Oslo 1970
Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok. Fjotland 1949
www.katolsk.no, 19.7.2008