Peder (Per) Tobias Gunnuson Eiesland eller Per prest som han blei kalla på folkemunne. Han var fødd på Eiesland i Fjotland, Vest-Agder, 16. desember 1840 og døydde på Voss 1929. Han var lærar, prest og stortingsmann. 

Han arbeidde som omgangsskulelærar og tok eksamen på lærarseminaret i Holt i 1860. Vintaren 1860-61 hadde han skule på Eiesland, folkehøgskule kalla han det. Etter sigande var han ein god lærar. Seinare studerte han teologi, og kom tilbake til heimbygda som prest i 1886-1900. I denne tida blei han med i politikken. Frå 1889-1900 var han stortingsmann for partiet Venstre. Rett nok var han berre varamann frå 1892-1894. I åra 1921-24 var han atter i Fjotland som konstituert prest.

Prestegarden vart dreven godt i Per Eiesland si tid. Han var gild med fattigfolk, og åt saman med arbeidsfolk, noko som ikkje var vanleg den tida. Per var ihuga fråhaldsmann og nekta å koma i gravferd dersom det var øl. Det blei då slutt med øl i likferd.

Han var gift med Elise Steen, dotter til statsministeren. Etter den siste perioden i Fjotland flytta dei tilbake til Voss, der han hadde vore prest og prost i mange år. Der døydde dei mest samtidig. Dødsdagen til Per var 3. mai 1929.

PØR

Kjelder:
Johan Jerstad: Fjotland sogebok  1949
Tor Veggeland: Fjotland si kyrkje i 316 år 1986