Svinsoksheia er ei hei som ligg 369,7 m.o.h. mellom Engedal og Homme.

Namnet kjem av dialektnemninga svinsoks som tyder grevling.

Frå Kristiansand i aust til Lund i Rogaland i vest finn ein fleire stadnamn på naturformar som heier, myrer og dalar med svinsoks som ledd.

I Birkenes i Aust-Agder ligg Svintoksdalen som viser eit skilje i talemålet.

PØR

Kjelde:
www.norgeskart.no