Huknuden, fjelltopp i Fjotland, og namnet på ein dei mest kjende fjotlandsslåttane.

1. Det litle, men karakteristiske fjellet Huknuden ligg over garden Øvre Kvinlog i Fjotland. Toppen når opp i  338,7 m o.h.

2. Feleslåtten Huknuden har namnet etter fjellet Huknuden. Per Tostenson Kvinlaug (1801-67) var spelemann. Etter ein gong å ha spela i eit jolelag, fekk han ikkje sova. Han gjekk ut or huset sitt, og litt nord om garden fekk han høyra spel i fjellet Huknuden. Per Tostenson lærde slåtten som fekk namnet etter fjelltoppen. Huknuden gjeng i springartakt og er av dei mest kjende tradisjonsslåttane på Agder.

SAM

Kjelder:
Sverre Eftestøl: På gamle tufter [CD-hefte] 1996. 1979kart.
Norgeskart.no