Garden ligg aust for Helle og Engedal, ikkje langt frå Aamland, Øvre. Den er nemnd som Hommen i 1668 og 1723. Garden er komen frå Aamland og blei folka i 1643. Homme og Aamland hadde bumark saman til 1803.

Gardsnamnet Homme finn ein berre i Agder-fylka og Telemark. Som stadnamn er det også i bruk i Lund i Rogaland. På det sentrale austlandet finn ein tilsvarande namnet Hvam og Hvammen, mens indre austland, vestlandet frå Sokndal i sør og nordover til Nordreisa i Nord-Troms finn ein varianten Kvam.

Stadnamnleksikonet  viser til at på gammalislandsk ser det ut til at hvammr tyder liten dal. I ein del norske dialektar fann Ivar Aasen følgjande tyding: ”En afkrog, en Dal eller Vig, som er omgivet af høie Bakker, saa man ikke kan se den i noen Frastand”. I Fjotland har vi fått forklåringa, om eit jordstykke som har høgdedrag på tre sider.

PØR

Kjelder:
O. Rygh: Norske Gaardnavne
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Statens kartverk: Norgeskart.no