Garden ligg nord for Harbakk, og vest for Røyland og Fjotland. Tidlegare blei garden kalt Lien. I 1668 vart det skriven Lij og i 1668 og 1723 vart det til Lien. O. Rygh kjende til at garden også vert kalla Bergeslien.

Bergesli var frå gamalt øydegard under Røyland og blei folka 1602. Garden vart lenge kalla Li, men så Bergesli til skil frå dei andre Ligardane i bygda(?).

Gardsnamnet Bergesli finst ingen andre stadar. Men Berge- som førsteledd i stadnamn er ganske det dømer på  som Bergeslåtten som er ei myr i Sirdal og stølen Bergestaul i Tinn  i Telemark. Garden heitte første berre Lien. Dette namnet er nytte på om lag 50 bruk over heile landet.

Forstavinga Berge kjem av mannsnamnet Berge som var mykje bruka på garden. Mellom anna hadde Berge Torkjellson Røyland (ca 1670-1730) garden ei tid.

Mannsnamnet Berge er framleis i bruk i Noreg, 135 menn har dette som første fornamn, i følgje namnestatistikken frå Statistisk Sentralbyrå.  Li kjem frå norrønt  ’hlíð’ som er skrånande fjell.

PØR

 Kjelder:
O. Rygh: Norske Gaardnavne
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Det Norske Samlaget: Nynorskordboka
Statistisk sentralbyrå: www.SSB.no, namnestatistikk
Statens kartverk: Norgeskart.no