Garden Engedal ligg mellom Øvre og Nedre Kvinlaug i Vesterdalen. Fyrste gong namnet er nemnd i 1594, vart det skriven Engedall. Garden skal ei tid hørt med i det dei kalla ”Helle gods”. Øystein Olson er nemnd 1584-1614. I 1594 er han med på Feda og skreiv fullmakt for dei som skulle til Akershus og hylla Kristian IV. Han kjøpte halve Engedal av Øya Tjodelson i 1604 for 43 rdr. Den andre halvdelen har han vel ått før. Han overlot garden til sonen Per Øysteinson i  1617.

Gardsnamnet Engedal finn ein fleire stadar i Noreg, mellom anna i Hvaler og Rakkestad i Østfold og Bjugn i Sør-Trøndelag. Det er også kjent så langt nord som på øya Seiland i Hammerfest kommune.

Engedal kan ha to tydingar. Den første stavinga kjem frå norrønsk eng som betyr grasmark til slått, men eng kan også tyde trong, frå det tyske ordet eng.  Akkurat på Engedal i Fjotland kan begge tydingar vere mogleg, men mest truleg er det eng i tydinga slåttemark som gjeld her. O. Rygh meiner det er i tydinga eng, slåttemark. Han meiner at det står i genitivsform, men at det ikkje viser om det eintal eller fleirtal.

PØR


Kjelder:
O. Rygh: Norske Gaardnavne
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Kunnskapsforlaget: Bokmålsordboka
Det Norske Samlaget: Nynorskordboka
Statens kartverk: Norgeskart.no