Knaben ligg nordaust for Risnes. I 1600 og 1612 er det skriven Knaben, mens i 1619 var det Knabbenn. Frå 1668 har det igjen blitt til Knaben.

Den første som er nemnd er Knut (n. 1602), deretter følgde Tollak (n. 1611-26). Det var på denne garden som Besse i Knaben skal ha budd, men ein veit ikkje sikkert når han levde.

Som gardsnamn er det berre i Fjotland ein finn dette. Som namn på hei eller ås er det å finne mange stadar på Agder, i Vest-Agder finst  det i Lyngdal, Flekkefjord, Lindesnes og Vennesla, også i Aust-Agder er det i bruk som namn på hei og ås i Grimstad, Froland, Birkenes og Iveland.

Namnet Knaben kjem av ordet ’knape’ som tyder bergknatt. Oluf Rygh hadde i boka ”En Krønike om Kvinesdal”  kome med ein teori om at namnet også kunne kome frå ordet ’knapi’ som i mellomaldaren var eit anna namn på  herremannstenar, og han viste til at knape var tatt inn i fleire målføre i meininga: Mann, kar, stormann. Denne teorien blir diskutert i Norske Gaardnamne, men forkasta til fordel for ordet ’knape’. Norsk stadnamnleksikon drøfter ikkje dette i det heile, men slår fast at Knaben kjem av ordet ’knape’.

PØR

Kjelder:
O. Rygh i L. Daae: En Krønike om Kvinesdal
O. Rygh: Norske Gaardnavne
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Statens kartverk: Norgeskart.no