Eikeland er den sørlegaste garden i Kvenåsen krets nord for Kvinlog. Garden er nemnd som Egeland i 1594, 1600 og 1612. I 1668 er den skriven Eggeland, og Eegeland i 1723. Eikeland saman med øydegarden Solli låg under Austegarden på øvre Kvinlaug.

Dette namnet er særs vanleg frå Gaular i Sogn og Fjordane og sørover vestlandet. I Vest-Agder finn ein namnet i dei flest bygdene.  Det er berre i kommunane Åseral, Marnardal, Søgne og Kristiansand ein ikkje finn det. Aust for Telemark er det eit døme på gardsnamnet, og det er i Spydeberg i Østfold.

Varianten med ’blød’ konsonant Eigeland er mest utbredt i Rogaland, men finst også i Flekkefjord, Farsund og Audnedal. Egeland som er ei annan form av same namn er skriven slik i Sirdal, Lindesnes og Farsund, i tillegg til Stavanger. Her vil det nok kunne vere litt usemje om skrivemåten på desse gardane. I utgangspunktet ville ein tenkt seg Eigeland som den lokale varianten, i både i Fjotland og ikkje minst lNorangs sørlandskysten. Per Seland og Oluf Rygh nytter Eigeland på garden i Fjotland. Vi har valt skrivemåten Eikeland, og da føljer vi Statens kartverk.

Namnet er sett saman av eiki som er ein stad det veks eik, og land som tyder jordstykke, grunn. 

PØR

Kjelder:
O. Rygh: Norske Gaardnavne
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Per Seland: Kvenåsen krets i Fjotland 1981
Statens kartverk: Norgeskart.no