Ligg i Salmeligrenda øvst i Fjotland. Garden er skriven for Næsset i 1668 og Øvre Næsset i 1723. Garden skal ha vore utskilt frå Knaben, og difor fått namnet frå garden.

I følgje Fjotlands gards- og ættesoge skal garden blitt kalla Næsset under Knaben i 1675. Det er ikkje noko som tyder på at garden noko tid har vore delt. Første kjente eigar er Torje Olsen Knabeneset som er nemnd 1689-1701.

Knaben er brukt som namn på mange heiar og åsar på Agder, samansetninga Knabeneset er ukjent frå andre plassar. I Fjotland finn ein mellom anna nesgardar på Risnes, Netland (Nesland) og Netlandsneset.

Garden ligg 8 km nord for garden Knaben, og kan difor ikkje ha noko med det omtalte fjell Knaben å gjere, skriv Oluf Rygh i Norske Gaardnavne. Det er vel truleg at dette er ei feiltolking, og at namnet tvert imot stammer frå Knaben. Knabeneset er utskilt frå Knaben som einaste i Salmeligrenda, og det kan også vere opphavet til namnet. Namnet Knaben kjem av ordet ’knape’ som tyder bergknatt.

 Stadnamnleksikonet definerer nes som framstikkande terrengformasjon. Grunnordet er vanleg over heile landet. Når det kjem inn som sisteledd er det vanlegast med bestemt form eintal neset (nesset). Aldaren på nesgardane er det ikkje lett å si noko om.

PØR

Kjelder:
O. Rygh i L. Daae: En Krønike fra Kvinesdal
O. Rygh: Norske Gaardnavne
Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok.1949
Per Seland: Sirdal 1
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Statens kartverk: Norgeskart.no