Garden ligg aust for Mygland. Rygh skriv garden Eiaasland. I 1594 vart garden skriven Easland. I 1600 har den vore skriven Eytzland, mens den i 1612 er nemnd som Eieβland. I 1668 og 1723 er garden skriven Eyesland.

Osu nemnd i 1594-1638 på Nedre garden på Eiesland. Allereie i hans tid var garden delt i to, og Svennung er nemnd på Øvregarden 1611-1620

Eiesland er eit namn ein ikkje finn andre stadar i landet. Forstavinga Eies- finn ein mellom anna i namnet Eiesdalstjønn i Kristiansand og Eiesmyra i Lillesand. Lengst i nord ligg Eiesbakkan i Harstad kommune i Troms.

Dette er ein av dei mange landgardane i bygda, men den skil seg frå dei andre ved at den er sett saman med eit mannsnamn. Rett nok nemner Rygh at også Haddeland kan ha opphav i eit mannsnamn, men det er nok lite truleg. Dei andre landnamna i bygde kjem helst av samansetningar med naturformasjonar eller vegetasjon som Netland og Mygland eller Seland og Lindeland. O. Rygh meiner at garden bør kallast Eiaasland og ikkje Eiesland. Dette fordi namnet er sett saman av mannsnamnet Eyulfr eller Eyjarr til Eyulfrsland eller Eyjarsland. Rygh trur helst det er mannsnamnet Eyjarr som ligg til grunn. – land kjem av  jordstykke, grunn.  Johan Jerstad på si side meiner det er Øyarsland som er det opphavelege namnet, og mener det er mannsnamnet Øyjarr som ligg til grunn.

Korkje Øyjarr eller Eyjarr er lenger i bruk i Noreg. Namnet Eiulf er derimot framleis i bruk, i følgje namnestatistikken til SSB er det 13 som heiter dette (08.06.2010). Namnet Øyulf er heller ikkje mykje i bruk, 9 menn har dette namnet

Kjelder:
O. Rygh i L. Daae: En Krønike fra Kvinesdal
O. Rygh: Norske Gaardnavne
Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok.1949
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Statens kartverk: Norgeskart.no