Garden tilhøyrer Kvenåsen krins og ligg aust for Kvina og aust for Lindefjell. Garden er nemnd i 1668 som Lie. Solli var øydegard under Eigeland og nemnest første gong 1618, men ein veit lite om dei første folka.

Eit segn som er tatt med i Fjotland. Gards- og ættesoge seier at ein mann hadde to døtre og åtte både Solli og Eigeland. Han delte slik at den eldste fekk Eigeland og den yngste Solli

Dette er eit av dei vanlegaste gardsnamna i landet. Du finn det i Sør-Varanger og Alta i Finnmark og Flekkefjord og Fjotland i sør. Namnet er også nytta på mange naturformasjonar rundt i landet. I Vest-Agder finn vi ein gard til med namnet Solli, og det er i Nes ved Flekkefjord.

Gardsnamnet tyder rett og slett ei li som er solrik, etter stadnamnleksikonet. I følgje Rygh har garden vore skriven for Sørli, men det kan vere same opphav. Ei sørvendt li, er gjerne ei solrik li.

PØR

Kjelder:
O. Rygh: Norske Gaardnavne
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Per Seland: Kvenåsen krets i Fjotland 1981
Statens kartverk: Norgeskart.no