Risøyna ligg på ei øy i Kvina mellom Nedre Kvinlaug og Engdal. Garden er nemnd som Riisøen i 1668 og 1723. Garden er komen frå Nedre Kvinlaug. Første eigar som er nemnd er Sigbjørn Tormodsen Helle (nemnd 1647-51). Den kjende rosemålaren Tore Asbjørnsen Risøyne hadde garden fram til han døyde  i 1820.

Dette gardsnamnet er berre i bruk i Gulen i Sogn og Fjordane og i Fjotland. Forstavinga Ris- finn ein mange stadar i heile landet. I Fjotland har me same forstavinga i gardsnamnet Risnes.

Ris- tyder krattskog, kjerr. Risøyna er ei øy i Kvina, og ved flom renn framleis vatnet rundt øya. Hovudåra til Kvina går aust for garden. Gardsnamnet har dermed ei enkel tyding; ei øy kledd med krattskog.

PØR

Kjelder:
O. Rygh: Norske Gaardnavne
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Statens kartverk: Norgeskart.no