Garden ligg på heia mellom Vesterdalen og Austerdalen sør i gamle Fjotland kommune, like vest for Knibestøl. Garden er nemnd Aarestøle i 1612, Arestølle 1619, Aarestøele 1668 og Aarstøl 1723.

Årstøl må vel ha kome frå Helle som eig marka heilt opp til nordenden av Årsvatnet. Garden blei lagd øyde, og så folka på nytt i 1611. Den første som rudde ein gard vert kalla Rudkallen, ein slik må Per ha vore. Han er nemnd på Årstøl frå 1611-14.

Årstøl finn ein også som gardsnamn i Søgne. Andre namn med forstavinga År- er meir vanleg som Årdal og Årland. Årland er i bruk i Storfjord i Troms, fleire stadar i Hordaland mellom anna i Fusa, men også i Fjotland. Dette småbruket ligg like nord for Årstøl. Årdal er namnet på ein dal i Vanse. I tillegg er det i bruk som stadnamn fleire stadar på Vestlandet frå Rogaland til Nordfjord, og som gardsnamn like aust til Lier ved Drammen.

I Norske Gaardnavne meiner Rygh at namnet sannsynlegvis kjem frå trenamnet Or som gjerne vert uttalt  ’År’ i bygda. Rygh tviler på om gardsnamnet har kome frå noko gammalt elvenamn på bekken som renn ved garden. Stølnamnet kan tyde på at det først var ein mjølkeplass på eit beite her, langt frå garden, men utan noko bygningar eller svært tarvelege. Støl er nytta på fleire heiegardar i Fjotland som nok er av ganske ny dato, som Knibestøl, Eftestøl og Homstøl

PØR 

Kjelder:
O. Rygh i L. Daae: En Krønike fra Kvinesdal
O. Rygh: Norske Gaardnavne
Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok.1949
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Statens kartverk: Norgeskart.no