Garden ligg like vest for Haddeland i Austerdalen. I 1668 og 1723 er garden skriven Waldrio.

Valdro var øydegard under Veggeland, og vart folka 1643, står det i Gards- og ættesoge. Orm Person Veggeland er den første som er nemnd på garden.

Dette er eit særmerkt namn enn ikkje finn andre stadar i landet.

Namnet er skriven Valdro i matrikkelen rundt århundreskiftet, slik det vart uttala. Frå 1700-talet og framover hadde det vore vanleg å skrive Valdrio. Denne skrivemåten kan tyde på at namnet er sett saman med endinga -rjóðr som tyder open rydda plass i skogen, ein rydning. j-en har falt bort i uttala. Forstavinga ’Vald’ kan opphaveleg ha vore ’Vallar’ av völlr som tyder vold, gjerne utlagt som fast og jamn grasmark. Forstavinga Vald- i  Valdres blir utlagt i Stadnamnleksikonets å kome av det tyske ordet Wald – skog, kanskje kan det vere slik for Valdro også. Det ville også gje ei god forklåring på W i namnet frå 1668 og 1723.

PØR

Kjelder:
O. Rygh i L. Daae: En Krønike fra Kvinesdal
O. Rygh: Norske Gaardnavne
Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok.1949
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Statens kartverk: Norgeskart.no