Øvre Kvinlaug ligg i Vesterdalen på austsida av Kvina, aust for Stakkeland og ca 5-6 km nord for Nedre Kvinlaug. I 1668 vart garden skriven Øfre Quindeloeg, og Qvindeloug i 1723. I ei sak mellom Kvinlaug  og Netland i 1682 blei det lagt fram eit brev at Øvre Kvinlaug var kjøpt og siste penge betalt i 1403 av Tore Tostensen. Dette er første mannen vi veit namn på, på garden.

Kvinlaug eller Kvinlog er ikkje kjent frå andre stadar i landet i følgje Norgesglasset.no.

Det er sett saman av elvenamnet Kvina og laug. Elvenamnet Kvina kjem av det norrøne Hvina (kvine) altså elveduren. Log eller laug kan tyde:
I log m1 (norr lǫgr  «vatn, væske; innsjø, elv». Det er det same som i elvenamnet lågen.
II laug n1 (norr laug «bade- el. vaskevatn, badeplass»; av lauge) bad, vask ta seg eit l-
O. Rygh tolkar ikkje laug, men log ”Hvad der her i Kvinlog er kaldet Log, er de to smaa Søer, som dannes ved Udvidelser af Elven ved Øvre og Nedre Kvinlog.”

Begge tydingar gjev meining. Ei utviding av elva gjev også høve til badeplass.

PØR


O. Rygh: Norske Gaardnavne
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Det Norske Samlaget: Nynorskordboka

Statens kartverk: Norgeskart.no