Garden ligg søraust for Eftestøl nær grensa mot Eiken. I 1668 er den skriven Mioland, mens i 1723 vart det til ”Miaaland, nu kaldet Miaavatten”.
Jerstad og Veggeland fortel at det seiast at driftekarar låg med drifta der før han blei gard, og det må ha vore på 1600-talet. Første mann som er nemnd på garden er Olav Asgaudson (1636-88). Siste fastbuande som hadde garden var Per Hansson Farhom som selde den i 1917 til ingeniør Hans A. Hielm. I 1950 var det Fjotland Molybden a/s som eigde garden.

Ved Mjåvatn er det eit sagn om at det skal vere sett ein svær sjøorm. Vorm Mjåland kjem frå garden, han er det mange underlege historiar om.

Dette er eit vanleg namn på vatn og tjødn i Agder og Telemark. Som gardsnamn finn ein det bare i Froland og Vegårshei i tillegg til Fjotland.  Det opphavelege namnet Mjåland finn ein mellom anna i Laudal (Marnardal).

I nynorskordboka vert det skriven slik om mjå: ”adj -tt, mjå el. mjåe (norr mjár, mjór)  som tyder tynn, grann, smal”. Om det er vatnet som har gjeve namn til garden eller garden til vatnet, er vanskeleg å seie. For Mjåland i Laudal skriv O. Rygh i Norske  Gaardnavne at garden hadde fått namnet etter forma på jordvegen. For garden Mjåvatn er det vel truleg at det er det karakteristiske smale vatnet som har gjeve namnet til garden.

PØR

Kjelder:
O. Rygh: Norske Gaardnavne
Matrikkelutkastet av 1950 for Fjotland
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Det Norske Samlaget: Nynorskordboka
Statens kartverk: Norgeskart.no