Indre og Ytre Åsen ligg i Austerdalen mellom Eiesland og grensa mot Eiken. Desse gardane er også kalla Eieslandsåsen. I matrikkelen frå 1950 er dei nemnd som to sjølvstendige gardar, med kvar sine gardsnummer. Gardane er nemnd som Indre og Yttre Aasen i 1668 og 1723.

Jerstad fortel at gardane var øydegard under Eiesland først på 1600-talet. Olav Ivarson Eiasland er den første som er nemnd i Indre Åsen. Han vart fødd i 1611, og i følgje Gards- og ættesoge skal han ha levd fram til ca 1705. I Ytre Åsen er det nemnd ein med namnet Jo som forpaktar i tida 1645-51, og då var det Ingvor Oddson Stakkeland som eigde garden.

Åsen er eit av dei vanlegaste gardsnamna vi har i Noreg. Det er også mykje bruka som namn på åser og heier. I Fjotland er gardsnamnet brukt to stadar. Både her heilt aust i bygda, men det er også namnet på ein gard rett sør Fjotlandsvatnet. Den garden har også hatt tilnamnet Øyufsåsen. Ås-namnet finn ein også i samanstillinga ’Førlandsås’. 

Kjelder:
O. Rygh: Norske Gaardnavne
Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok.1949
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Statens kartverk: Norgeskart.no