Garden ligg aust for Bergesli og nord for Harbakk, og vest for Fjotland. Garden er skriven Rødland i 1619 og Røyland i 1723. Dette skal vere ein av dei eldste gardane i bygda.

Ved år 1600 var Førlandsås, Bergesli og nedre Harbakk øydegardar under Røyland. Den første eigaren som er nemnd er Ommund (n. 1594-1601).

Gardsnamnet Røyland finst også i Birkenes i Aust-Agder og Lunde i Rogaland. Det er også nytta som gardsnamn i Nordreisa i Troms. I Vennesla er Røyland namnet på ein bakke. Forstavinga røy- er nytta på mange stadnamn rundt i landet som Røydalen i Flekkefjord og Åseral og Røybekk i Nome i Telemark.

I ”En Krønike frå Kvinesdal” drøfter Oluf Rygh om dette namnet kan ha kome frå elvenamnet Røia. I Ringebu og Tydalen i Trøndelag er dette elvenamnet kjend. Det er lite truleg at den vesle bekken som renn ved Røyland, kan vere grunn for gardsnamnet. Da er det meir truleg at opphavet er fuglenamnet Røy, noko som Rygh også helst trur. Dette er også ein av dei mange landgardane i bygda. Land tyder jordstykke, grunn.

Ser ein på skrivemåten frå 1619; Rødlad, kan ein tenke seg andre moglege opphav til namnet. Forstavinga »rud» kjem av rydning, og tyder ein rydda plass i skogen. Ut frå kor garden Røyland i Fjotland ligg like under Fjotlandsfjellet, kan dette vere ei interessant tolking. Men det kan også tolkast frå det norrøne ordet »røyrr» som tyder steinrøys.

PØR

Kjelder:
O. Rygh i L. Daae: En Krønike om Kvinesdal
O. Rygh: Norske Gaardnavne
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Statens kartverk: Norgeskart.no