Garden ligg nord for Harbakk og Bergesli og aust for Eikeland. Garden er nemnd som Førreland i 1668 og Føreland 1723. Tillegget ås kom inn seinare, og no kallast garden gjerne Åsa etter Åsevatnet.

Den første eigaren som er nemnd er Øyu Ommundsen 1585-1665. Han var gift med dotter til Olav Eielson øvre Kvinlaug. No ligg garden øyde.

Gardsnamnet Førlandsås finst ingen andre stadar. Men namnet Førland er nytta som gardsnamn i 10 bygder frå Hordaland til Vest-Agder. I Vest-Agder finn gardsnamnet Førland på Kvinesheia i gamle Kvinesdal kommune og i Vennesla.

Forstavinga ’Før’ kjem frå det norrøne ordet fyri, som betyr stad der det veks furutrær, eller furuskog som stadnamnleksikonet skriv. Dette er også ein av dei mange landgardane i bygda. Land tyder jordstykke, grunn.

I Gards- og ættesoge blir det nemnd at det er knytt eit sagn om oskureia til garden:
”På Førlandsås såg dei åskureida. Det var i jola, dei var i bua etter lefsa. Då kom ho inn Kreglelia, ein fjerding veg borte. Før dei kom inn att, var ho i tunet.”

PØR

Kjelder:
O. Rygh: Norske Gaardnavne
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Det Norske Samlaget: Nynorskordboka
Statens kartverk: Norgeskart.no