Salmeli  ligg øvst i Fjotland mot Sirdal i den såkalla Salmeligrenda.  Gardane i grenda var tidlegare ein del av Sirdal,  1. januar  1903 blei gardane samla overført til Fjotland. Med unntak av Knabeneset har alle desse gardane blitt utskilt frå gardar i Sirdal. Garden er skreven Salmandslie i 1668 og 1723.

Etter tradisjonen skal Salmeli vore utskilt dels frå Guddal og dels Liland i Sirdal. Truleg er mesteparten frå Guddal, men noko av heimemarka kan ha høyrd til Liland. Garden er første gong nemnd i skriftlege kjelder i 1647. Den første eigaren som  er nemnd er Lars Jensen Salmeli, n 1647-1664.

Som gardsnamn er det berre i Fjotland ein finn dette. Salme- som forstaving i gardsnamn finn ein i Salmenes i Storfjord i Troms. Men om ein ser på skrivemåten Salmandslie så kan det tyde på likskap med namn som Salmonrud i Eidsberg og Sambøl i Aremark, begge i Østfold.

Tobias Salmelid og Per Seland fortel eit gamalt segn: ”På folkemunne går fortellingen om dei to barna frå Guddal som kom bort ein haust dei var på fjellet. Leitemannskapet fant dei i denne lia ved at dei høyrde song og tonar frå staden. Den tona (=hylla i fjell-lia) der barna blei funnet att heiter den dag i dag «Barneåkeren» («Bådnåkeren») og ligg like på baksida av det gamle skulehuset midt i fjellgrenda.
Per Seland i si utførlige gardssoge om Sirdal meiner at dette er berre eit segn som skal forklara korleis namnet er blitt til. Han meiner at namnet skal ha vore «Salmunds li», oppkalla etter den første bureisaren Solmund eller Salmund frå Sirdal – som kanskje hadde slått seg ned der i lia allereie før svartedauen (1350). 
Første gangen namnet er brukt skriftleg er i folketeljingane 1647 («Salmandtzlij») og 1664 («Salmelie»). Dette viser at begge namna var i bruk i alle fall for 350 år sidan. Kanskje kan det  vera noko rett i begge forklåringane, både om busetjaren Solmund og om dei bortkomne barna. Per Seland har god støtte i Norske Gaardnavne når det gjeld mannsnamnet ’Salmund’ eller ’Solmund’.

Mange stadnamn har –li som siste ledd. I Fjotland har vi det også i gardsnamna Bergesli, Bruli og Gunsteinsli. Av namna ser vi at både Bergesli og Gunsteinsli kjem av mannsnamn, og det kan vel vere ei underbygging av at også Salmeli kjem frå eit mannsnamn.

PØR

Kjelder:
O. Rygh i L. Daae: En Krønike fra Kvinesdal
O. Rygh: Norske Gaardnavne
Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok.1949
Per Seland: Sirdal 1
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Statens kartverk: Norgeskart.no