av Per Øistein Rogstad | nov 16, 2022 | Folkeminne, Stadnamn
Spannsheddå, stor helle som ligg i fjellsida ovanom garden Åmland i Fjotland. I eldre tid skal det ha blitt ofra eit spann med smør til hella kvar jolaftan, med den tanken at ho då ikkje skulle ramla ned og øydeleggja husa på garden. SAM KjelderPeter...
av Per Øistein Rogstad | nov 16, 2022 | Folkeminne
Sjøormen i Mjåvatn, sjøormliknande naturfenomen i Mjåvatnet som m.a. Tønnes Mygland (1853-1932) og Per Andreas Eiesland (1837-1926) var vitne til. Under slåttearbeid skal dei og fleire ha sett eit stort ”dyr” med lange bein som slo og spruta i vassflata. Då dei rodde...
av Per Øistein Rogstad | nov 16, 2022 | Folkeminne
Saubsteinen, stein som stod på garden Åmland i Fjotland som gardsfolket slo ei bytte saup over kvar jolaftan til vern mot alt vondt. Gunnar Åmland, truleg Gunnar Olson Mjåvatn (f. 1804), som hadde garden nokre år på 1870-talet, fjerna steinen og la han i ein bekk...
av Per Øistein Rogstad | nov 14, 2022 | Folkeminne
21. mai 2009 arrangerte Kvinesdal historielag og kyrkjelydane i Sirdal og Kvinesdal tur til Stedjefjellet på Krågeland. Der fortalde sirdølen Sven-Egil Testad eit segn om «hesten og bjørnen». Kanskje var det oldefaren hans som hadde tatt med seg segnet til...
av Per Øistein Rogstad | nov 14, 2022 | Folkeminne
Etter segna var det ein mann som blei gravlagt der det store furetreet på kyrkjegarden stend i dag. Han blei avretta fordi han hadde gjeve rang eid. Personar som blei dømde og avretta, fekk ikkje plass i vigd jord og kista blei gjerne sett ned utanfor kyrkjegarden....
av Per Øistein Rogstad | nov 14, 2022 | Folkeminne
Den store fura på Fjotand kyrkjegard er eit særmerkt skue. Fura er like brei oppe som nede. Både Tor Veggeland og Johan Jerstad har skrive om fura i sine bøker (sjå kjelder). Etter segna skal det vera gravlagd ein uskuldig mann under fura. «Den store...