Etter segna var det ein mann som blei gravlagt der det store furetreet på kyrkjegarden stend i dag. Han blei avretta fordi han hadde gjeve rang eid. Personar som blei dømde og avretta, fekk ikkje plass i vigd jord og kista blei gjerne sett ned utanfor kyrkjegarden. Mannen hevda heile tida at han ikkje var skuld i det han var dømt for, og til teikn på dette skulle det veksa opp eit grønt tre på grava hans. Det skal difor vera så at den store, gamle fura stend over plassen liket av mannen blei grave ned.

Vokstrar på grava
Førevarsel om vokstrar som vil gro på grava etter ein er død, finst i andre variantar i Fjotland. Det blir sagt at bygdehelten Tron Hoskuldson spådde at det ville gro bringebærris på grava hans etter at han var død. Segna fortel at det kom det òg til å gjera. Elles er forteljinga om grava til Tron Hoskuldson knytt til at han skal ha vore den fyrste som blei gravlagt ved Fjotland kyrkje etter at ho stod ferdig i 1670.

Skuld og uskuld
Men segnene som hentar stoff frå gravbakken på Fjotland er fleire. Likrov og daude kroppar som ikkje rotnar er mellom ingrediensane i desse forteljingane. Ei segn som tek opp temaet om skuld og uskuld, slik segna om fura gjer, er knytt til ei farskapssak:

Paa Fjotlands kyrkjegard var der eit lik som ikkje vilde rotna i jordi. Det var ein som hadde gjort falsk eid.

Der var ei gjenta som hadde vorte fremmeleg med han, men han fridde seg fraa farskapen, med det at han sa at dersom han var faren til barnet hennar, so turvte han ikkje rotna i jordi.
Gjenta livde daa dei grov han upp att, og liket laag like friskt.
So møtte ho fram på kyrkjegarden og saag han.
Daa sa ho: Kann vaarherre gjeva deg til, so kan nok eg!
Med same ho sa det, seig han ihop, so det vart berre som ein liten jordhaug etter han.

Gjenta skulde vera fraa Lindeland. (Lunde 1924)

Motsett av segna om den uskuldige mannen som segna og den gamle fura fortel om, er dette segna om ein skuldig. Mannen rotnar ikkje – altså fær han ikkje fred etter at han er død. Han må løysast av henne han har forbrote seg mot, og forteljinga referer indirekte til bibelstaden i Matteus 18, 18 og ei forståing av løysarmakta den krenkte sit på: ”Sanneleg, eg seier dykk: Alt det de bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og alt det de løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.”

Likrov: Skjemt og åtvaring
Dei mest groteske av segnene handlar om spøkjeri og attergangarar, men det er dei levande som kallar fram desse hendingane ved å røva lika. Ei av sogene handlar om tjuveri av bein etter gamle graver, og kan nok lesast som ei åtvaring til dei som søkjer spenning i å bryta det tabuet det er å plukka med seg bein frå kyrkjegarden. Likevel er det tydeleg at det er skjemtet som er plassert i høgsetet når beintjuven sjølv blir narra:

Der var ein vaae som sette upp med nokre andre ein kveld, at han skulde gaa til kyrkjegarden og henta eit bein fraa beinhuset.
Ein av dei som var inne, stal seg etter han daa han gjekk.
Daa han kom til beinhuset og fann fram eit bein, ropa den andre: D’e mitt!
Han kasta det fraa seg og tok eit anna eit, og sameleis gjekk det daa au.
Men tridje gongen sa han: De sama kven som eige de, sò teg’ eg de!
Han sprang heim med det so fort han kunde, men han saag den andre var i hælarne paa han. So skunda han seg inn og kasta beinet paa bordet framfyre dei andre.
Sjaa hør e de! sa han. Den som eige de, e straks ette! (Lunde 1924)

Ei anna segn, der eit regelrett likrov er temaet, grensar meir til det utrivelege og bisarre. Det tek som fleire andre kyrkjegardssegner utgangspunkt i eit lik som ikkje har rotna, men her er ikkje poenget å fortelja om personar som sver uskuld og til teikn spår at dei ikkje kjem til å gå i oppløysing i jorda når dei er blitt gravlagde. Dette er fyrst og fremst ei surrealistisk forteljing om eit veddemål og eit likrov:

Ein stad var der ein som ikkje kunde rotna i kyrkjegarden. Daa dei grov gravi upp, laag liket med sit same. Dei kalla kan ”Spigen”, avdi han var som han var spiken.
So var der nokre svaddar som sat og drakk ei natt, og so var det ein av dei som spurde dei andre: Kòr mygje vil de gjé meg for eg ska gaa ette Spigen?
Dei vaaga mykje paa at han ikkje torde. Men han gjekk til kyrkjegarden, og tok liket paa ryggen; dei hadde lagt det til sides paa kyrkjegarden daa gravi skulde brukast til eit anna lik.
Daa han gjekk etter vegen med liket, snaava han so han datt i koll.
Kross i Jesu nabn! sa han.
Daa lo liket paa ryggen hans, men han var ikkje redd. Han bar den døde fram til stova der dei sat og drakk, og sette han uppetter veggen.
So spurde han dei andre: Kòr mygje vil de nò gje meg for eg ska faa Spigen te aa læ?
Dei baud han ikkje so reint lite.
So stelte han seg beint framfyre liket og sa: Kross i Jesu nabn!
Daa tok Spigen til aa læ. (Lunde 1924)

Desse likrøvarsogene frå Fjotland utfordrar og bryt tabu kring korleis ein skal oppføra seg i høve til døden og dei avlidne og utfordrar dei vanlege reglane for respekt overfor lik som er vanlege i vår kultur. Denne morbide humoren kan kanskje lesast som ein måte å freista avvæpna og ufarleggjera døden på.

SAM

Kjelder:
Bibelen. 1978
Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok 1949
Knut Liestøl: Folkedikting. I: Midttun, Gisle (red.): Norske bygder. Vest-Agder I 1925
Peter Lunde: Kynnehuset 1924