Sjøormen i Mjåvatn
, sjøormliknande naturfenomen i Mjåvatnet som m.a. Tønnes Mygland (1853-1932) og Per Andreas Eiesland (1837-1926) var vitne til. Under slåttearbeid skal dei og fleire ha sett eit stort ”dyr” med lange bein som slo og spruta i vassflata. Då dei rodde ut for å ta skapningen, blei aktiviteten mindre og heilt vekke då dei nådde fram til åstaden. Det har ikkje vore mange historier om sjøormar i Mjåvatn eller andre vatn i Fjotland før eller seinare. Opptrinnet var truleg ein stor fisk.

SAM

Kjelde:
Johan Jerstad/Tor Veggeland: Fjotland gards- og ættesoge 1979