21. mai 2009 arrangerte Kvinesdal historielag og kyrkjelydane i Sirdal og Kvinesdal tur til Stedjefjellet på Krågeland. Der fortalde sirdølen Sven-Egil Testad eit segn om «hesten og bjørnen». Kanskje var det oldefaren hans som hadde tatt med seg segnet til Sirdal då han flutte dit. Vi gir ordet til Testad:
«I den tida det framleis var bjørn i bygdene rundt her, var det ein gong at ein bjørn tok til å jaga ein hest på Krågeland. Hesten tok sprang like mot det brattaste berget på Stedjefjell. Hesten fôr oppover med bjørnen etter seg. Der fjellet var som brattast, sklei bjørnen og falt til botnen og skamslo seg. Difor kalte ein dette for hestespranget.»
Turid Stakkeland som sjølv er vaksen opp på Stakkeland hadde ikkje høyrd segnet før elevane hennar på Tonstad skule fortalte ho dette.
PØR