Eiesland (38)

Garden ligg aust for Mygland. Rygh skriv garden Eiaasland. I 1594 vart garden skriven Easland. I 1600 har den vore skriven Eytzland, mens den i 1612 er nemnd som Eieβland. I 1668 og 1723 er garden skriven Eyesland. Osu nemnd i 1594-1638 på Nedre garden på Eiesland....

Indre og Ytre Åsen (39-40)

Indre og Ytre Åsen ligg i Austerdalen mellom Eiesland og grensa mot Eiken. Desse gardane er også kalla Eieslandsåsen. I matrikkelen frå 1950 er dei nemnd som to sjølvstendige gardar, med kvar sine gardsnummer. Gardane er nemnd som Indre og Yttre Aasen i 1668 og 1723....

Valdro (41)

Garden ligg like vest for Haddeland i Austerdalen. I 1668 og 1723 er garden skriven Waldrio. Valdro var øydegard under Veggeland, og vart folka 1643, står det i Gards- og ættesoge. Orm Person Veggeland er den første som er nemnd på garden. Dette er eit særmerkt namn...

Høydal (42)

Garden ligg nær Valdro like vest for Haddeland i Austerdalen. Oluf Rygh skriv garden for Høidalen. I 1612 er den nemnd som Høedall, i 1668 som Høidal og i 1723 som Høydahl. Dette er det einaste bruket med dette namnet i Agder-fylka, men det er i bruk på fleire gardar...

Haddeland (43)

Garden ligg like sør for Eiesland i Austerdalen. I 1612 er garden nemnd som Haldeland, så i 1668 som Holleland og i 1723 Halleland. Haddeland er komen frå Veggeland, og er nok folka derifrå. Atlak er den første som er nemnd på garden. 1611-20 er han skriven for Atlak...

Veggeland (44)

Garden ligg sør for Eiesland i Austerdalen, på austsida av Litleåna. Garden er nemnd som Veggelannd i 1594. I 1600 er garden skriven for Vegeland. Weggeland er den skriven i 1619, 1668 og 1723. Etter den store nedgangsperioden på 1300-talet blei Bruli, Haddeland,...