JERSTAD Johan

Johan Gabrielson Jerstad, ingeniør og bygdebokforfattar frå Kvinesdal og Fjotland som gjennom ein mannsalder samla tradisjonsstoff frå Fjotland og fekk gjeve ut viktig kultursogetilfang frå bygda. Jerstad var fødd i Kvinesdal i 1893 og døydde i 1975. Jerstad...

MIDTTUN Gisle

Gisle Midttun, kulturhistorikar og museumsmann som dokumenterte og skreiv om sentrale tema innan norsk kulturhistorie i mellomkrigstida. Han er mannen bak påstanden ”I Fjotland bur eit folk som er framum dei andre”, publisert i verket Norske bygder....

OSKOREIA

Oskoreia, folkeleg trusførestilling knytt til joletid og myrketid då ein meinte ulike slags skrømt og vette som var ute. Den munnlege tradisjonen fortel at reia var eit fylgje av vette og daudingar til hest som ved joletider fór i veldig fart over landet og...

PER FJOTLENDING

Per Fjotlending, namnet på den handskrivne lagsprotokollen som Austerdalen Ungdomslag tok til med i 1913 der ungdomslagsmedlemene skreiv dikt, forteljingar og innlegg og redigerte på omgang. ”Per Fjotlending” heldt det gåande frå 1913 og fram til 1957. Til kvart...

SPILLEBROK Bernt A.

Bernt Atlakson Spillebrok, lærar, dekn, målar, spelemann, emissær og ordførar frå Øygarden i Fjotland, kjent for å ordleggja seg slagferdig og løgje, samstundes som haugianaren Spillebrok var ein alvorleg forkynnar og god menneskekjennar og sjelesørgjar....