Per Fjotlending, namnet på den handskrivne lagsprotokollen som Austerdalen Ungdomslag tok til med i 1913 der ungdomslagsmedlemene skreiv dikt, forteljingar og innlegg og redigerte på omgang.

”Per Fjotlending” heldt det gåande frå 1913 og fram til 1957.

Til kvart lagsmøte og –fest hadde ein lagsmedlem bladstyraransvar. Bladstyraren tok imot bidrag frå medlemene og las opp frå den nye utgåva av ”Per Fjotlending”. Ein har i alt dokumentert 106 ulike personar som bladstyrarar.

Ungdomslagsarbeidet gav mange ungdomar innføring og øving i organisasjonsarbeid og høve fagleg og ideelt arbeid innanfor ulike område. Ikkje minst hadde lagsprotokollane ein viktig funksjon ved å gje trening i å formulera seg skriftleg i ei tid då skulegang for dei fleste var over med folkeskulen.

I 1999 gav Fjotland Ungdomslag ut store delar av ”Per Fjotlending” i redigert avskrift i 6 hefte.

                                                                       SAM

Kjelder:
Fjotland Ungdomslag. Per Fjotlending 1999