Gisle Midttun, kulturhistorikar og museumsmann som dokumenterte og skreiv om sentrale tema innan norsk kulturhistorie i mellomkrigstida. Han er mannen bak påstanden ”I Fjotland bur eit folk som er framum dei andre”, publisert i verket Norske bygder. Vest-Agder I frå 1925.

Midttun var fødd i Kvinnherad i Hordaland i 1881 og døydde i 1940. Han flytte med familien til Øyestad i Aust-Agder då han var gut, og han knytte m.a. band til Agder på denne måten.

Midttun blei tilsett ved Norsk Folkemuseum i Oslo i 1910, blei konservator i 1914 og understyrar i 1919. Han var mykje på samlarferder etter gjenstandar og dokumenterte ulike tradisjonar i ulike delar av landet. Han var såleis med å byggja opp Norsk Folkemuseum i ei viktig tid for institusjonen.

Som medredaktør for det statsstøtta samleverket Norske bygder, gjorde han ein viktig oppgåve med å gje ut og gjera kjent eldre tradisjonsstoff frå ulike bygdelag i Noreg. Verket Norske bygder. Vest Agder I-II (1925/1927) har med mykje stoff frå Fjotland presentert under ulike temaområde. Her skriv Midttun m.a. artiklar om natur og folkelynne og om byggjeskikken.

SAM

Kjelder:
Arne Berg: Gisle Midttun. I: Norsk Allkunnebok. U.å.
Midttun, Gisle: Norske bygder. Vest-Agder I-II 1925/1927