av Per Øistein Rogstad | nov 16, 2022 | Biografiar, Folkeliv
Sigbjørn Steinarson Helle, gardbrukar, lærar, ordførar og stortingsmann frå Helle i Vesterdalen i Fjotland. Helle var fødd på Heddestølen 14.7.1815 og døydde på Helle 24.6.1899. Han gjekk nokre månader i lære hjå presten Melbye, og blei sett til...
av Per Øistein Rogstad | nov 16, 2022 | Biografiar, Folkeliv
Anna Andersdotter Grostøl, lærar og folkelivsgranskar frå Lista i Vest-Agder som brukte store delar av livet attåt lærargjerninga på å samla kunnskapar om og dokumentera gamle handverksteknikkar og arbeidsformer frå Agder i sør til Finnmark i nord. Grostøl...
av Per Øistein Rogstad | nov 16, 2022 | Biografiar, Fjotlandsminne, Folkeminne
Johan Gabrielson Jerstad, ingeniør og bygdebokforfattar frå Kvinesdal og Fjotland som gjennom ein mannsalder samla tradisjonsstoff frå Fjotland og fekk gjeve ut viktig kultursogetilfang frå bygda. Jerstad var fødd i Kvinesdal i 1893 og døydde i 1975. Jerstad...
av Per Øistein Rogstad | nov 16, 2022 | Biografiar, Folkeminne
Gisle Midttun, kulturhistorikar og museumsmann som dokumenterte og skreiv om sentrale tema innan norsk kulturhistorie i mellomkrigstida. Han er mannen bak påstanden ”I Fjotland bur eit folk som er framum dei andre”, publisert i verket Norske bygder....
av Per Øistein Rogstad | nov 16, 2022 | Biografiar, Rosemåling
Bernt Atlakson Spillebrok, lærar, dekn, målar, spelemann, emissær og ordførar frå Øygarden i Fjotland, kjent for å ordleggja seg slagferdig og løgje, samstundes som haugianaren Spillebrok var ein alvorleg forkynnar og god menneskekjennar og sjelesørgjar....
av Per Øistein Rogstad | nov 14, 2022 | Folkeliv
Det var lyst til preike 20. februar 1770 i gamle Fjotland kyrkje. Då samla bøndene seg frå gardane midt i bygda og tok nøklene frå kyrkjeverja og læste døra, så ikkje presten Ole Blyth kom inn. I spissen for bøndene stod Tore Sigbjørnsen Engedal frå dør framme på...