Anna Andersdotter Grostøl, lærar og folkelivsgranskar frå Lista i Vest-Agder som brukte store delar av livet attåt lærargjerninga på å samla kunnskapar om og dokumentera gamle handverksteknikkar og arbeidsformer frå Agder i sør til Finnmark i nord.

Grostøl var fødd 30.4.1894 og døydde 4.1.1962. Ho var utdana lærar frå lærarhøgskulen i Trondheim.

Trass vanhelse hadde Grostøl årvisse innsamlingsreiser på 30- og 40-talet kring om i landet. Heimefylket Vest-Agder var godt dekt. Innsamlings- og dokumentasjonsarbeidet til Anna Grostøl er rikhaldig med både foto, film og tekstilprøver og anna som viser arbeid og handverk knytt til eldre naturhushald på dei norske bygdene.

Grostøl var i Fjotland ved fleire høve. Det er dokumentert innsamling i bygda frå 1938 og 1941. Her er fleire personar og arbeidsteknikkar dokumenterte for ettertida.

Etter at Anna Grostøl døydde, blei samlinga hennar systematisert av familiemedlemer og donert til Det Norske Videnskaps-Akademi. Samlinga blei overført til Norsk Folkemuseum i 1976. I dag er mykje av den fotografiske dokumentasjonen tilgjengeleg på nett.

SAM

Kjelder:
Torbjørg Gauslaa: Anna Grostøl på Lista. 1990