Årstøl (49)

Garden ligg på heia mellom Vesterdalen og Austerdalen sør i gamle Fjotland kommune, like vest for Knibestøl. Garden er nemnd Aarestøle i 1612, Arestølle 1619, Aarestøele 1668 og Aarstøl 1723. Årstøl må vel ha kome frå Helle som eig marka heilt opp til nordenden av...

Lindhommen (14)

Lindhommen ligg i Kvenåsen skulekrins like aust for Seland. Garden er nemnd som Lindhommen i 1668 og 1723. Lindhom seiast vera komen frå Seland, men Linndhomstølen ligg som ei øy inne i Lindelandsmarka, så det er meir rimeleg at han er skild ut frå Lindeland....

Høydal (42)

Garden ligg nær Valdro like vest for Haddeland i Austerdalen. Oluf Rygh skriv garden for Høidalen. I 1612 er den nemnd som Høedall, i 1668 som Høidal og i 1723 som Høydahl. Dette er det einaste bruket med dette namnet i Agder-fylka, men det er i bruk på fleire gardar...

Homstøl (53)

Ligg i Salmeligrenda øvst i Fjotland. I 1723 er garden skriven for Hommestøl. Gardane i grenda var tidlegare ein del av Sirdal, 1. januar  1903 blei gardane samla overført til Fjotland. Med unntak av Knabeneset har alle desse gardane blitt utskilt frå gardar...

Fjotland (33)

Dette gardsnamnet har gjeve namn til kyrkjesoknet og det gamle herredet. Garden ligg nord for Fjotlandsvatnet ved kyrkja. I 1594 vart det skriven Fiottland, medan i 1612 Fiøtland og Fiotland i 1619. I gards- og ættesoge meiner forfattarane at garden er fleire hundre...