Kosthaldet har endra seg enormt i løpet av ein hundreårsperiode i Fjotland. Eldre folk hugsar ei tid då brød var det same som flatbrød og gjærbakst ikkje høyrde til kvardagsbrødet. Det er spennande å formidla for yngre generasjonar kva for måltid ein åt gjennom dagen, og kva desse måltida bestod av. Vidare har me fokusert på korleis kosthaldet og måltid blei variert og endra gjennom året. Gjestebodsmaten og dei rikeleg dekte borda med god mat av alle slag må òg nemnast i denne samanhengen.

Me var på besøk på Torvløbakkan gard i Austerdalen i Fjotland. Her driv dei eiga næring på garden, mellom anna ved å tilby tradisjonsmat.

Programmet kan du lytte til her:

Tradisjonsmat: http://vimeo.com/35884295

Les om dei andre programma her: Fjotland før i tiæ